Vitnet køyrde over Sogndalselvi samstundes som tre personar sprang over gangbrua. Ho er sikker på at ho såg Arve Beheim Karlsen og to andre personar ved elva.
Vitnet melde seg til politiet alt dagen etter, men vart ikkje avhøyrt. Fyrst 11. mai blei ho kalla inn, etter at ho fleire ganger hadde kontakta politiet og bedt dei avhøyre henne. Under avhøyret sa lensmannsbetjenten til henne at det umogleg kunne ha vore Arve ho hadde sett.
Då ho kom ut etter avhøyret såg ho ein av dei personane ho meiner stod med Arve på brua, og gjekk inn att for å seie ifrå til politiet. Men politiet foretok ingen fleire avhøyr.
Vitnet fortalde at ho hadde sett ein person stå og lene seg til rekkverket over brua om lag 7 meter bak Arve Beheim Karlsen, medan ein tredje person befann seg lengre unna. Dette stemmer ikkje overeins med forklaringane til dei tidlegare vitna, som fortel at det var fire personar på gangbrua. Og det er fleire ting som ikkje stemmer overeins. Vitnet fortel Arve hadde på seg klede som ikkje stemmer med politiet sine opplysningar.
Forklaringa til vitnet gir inntrykk av dårleg politiarbeid og ei tendensiøs etter forsking, og forsvararane til dei tiltalte var svært interresserte i opplysningane.