Hopp til innhold

Vart dødssjuk av Terra

Kommunerevisoren i Bremanger, Terje Førde, måtte i hui og hast bli frakta til sjukehus for blødande magesår på grunn av presset i samband med Terra-saka i 2007 og 2008.

Terje Førde

Terje Førde , kommunerevisor i Bremanger.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Hadde han kome fram litt seinare, hadde det vore for seint. Det kjem fram i laurdagsutgåva av Dagens Næringsliv .

Tapte nesten 1 milliard

Det var hausten 2007 at bomba small. Dei åtte terrakommunane Bremanger, Hattfjelldal, Haugesund, Hemnes, Kvinesdal, Narvik, Rana og Vik hadde til saman tapt nesten 1 milliard kroner på investeringar i amerikanske obligasjonar gjennom Terra Securities.

Kommuneleiinga vart kjendisar over natta, og presset frå lokalbefolkninga og media tok alvorleg på for mange.

Grevens tid

Luftambulansen i Førde

Luftambulansen redda livet til Terje Førde. Arkivbilete.

Foto: Steinar Lote / NRK

For kommunerevisor Terje Førde i Bremanger, enda det opp med magesår. Indre blødingar hadde halvert blodmengda, og såret var ein halv cm stort

Legen på intensivavdelinga på Førde sentralsjukehus sa at Førde kom til sjukehuset i grevens tid. Hadde han blitt frakta med vanleg ambulanse, og ikkje luftambulansen, hadde det vorte for seint.

- Ufatteleg

Revisoren fekk i oppdrag å etterforske Bremanger sine investeringar. Førdes gransking viste at kommunen hadde gjennomført handlar for 1,8 milliardar kroner utan eit einaste politisk vedtak, og utan at det var spor i rekneskapen. All korrespondansen hadde gått føre seg på e-post - 200 e-poster som seinare vart sletta.

Førde seier kommunerevisjonen ikkje kunne oppdaga det tidlegare sidan investeringane ikkje var dokumenterte i rekneskapen.

- Det er ufatteleg at det er mogleg. Med det er ikkje vår skyld, seier han til DN.

- Rotterace

- Det var eit rotterace. Våren i fjor håpar eg at eg aldri får oppleve igjen.

Terra-saka gjekk på helsa laus. Mat vart bytta ut med kaffi, og nettene gjekk med til Terra-saka. Og når bygdefolket hadde fått litt for mykje alkohol i seg, byrja telefonane.

- Eg kunne sette meg ned om kvelden, drikke to kannar kaffi og skrive til to og tre om natta. Presset var umenneskeleg, seier han til avisa.

Beden om å ta ferie

Også ordføraren i Bremanger, Kåre Olav Svarstad fekk føle presset på kroppen. Til slutt fekk han beskjed av legen om å ta ferie.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Eg fekk rett og slett vondt i magen. Kjenningen på den lokale nyhendesendinga varsla om at meir Terra-nytt var på trappene, og eg måtte bygge meg opp for å tore å bla gjennom avisene.

Svarstad trur at viss ikkje bedriftslegen hadde gripe inn, kunne det gått riktig gale. Søvnlause netter, konstant vondt i magen og nye hull i beltet etter vekttap fekk legen til å åtvare mot faresignala.

- Det har vore ein del tilfelle kor folk som går i konstant press over tid, tek sitt eige liv, som til dømes i Tønne-saka. Går det over mange månader veit ein ikkje korleis folk reagerer, seier ordføraren til Dagens Næringsliv.