Hopp til innhold

Nok eit døgn med uroleg vêr

Trudde du at styggevêret var over for denne gong, må du tru om att. Torsdag kveld og fredag er det venta store mengder nedbør og vinden vil herje både langs kysten og i fjellet.

Kuling ved Stad

UROLEG: På Stad kan det i periodevis utover natta bli liten storm.

Foto: Dagfinn Nyhammer

Det blir nok eit uroleg vêrdøgn i Sogn og Fjordane. Vêrvarslinga på Vestlandet har torsdag kveld sendt ut eit såkalla OBS-varsel, der dei åtvarar mot mykje nedbør og sterk vind langs kysten.

Vêret fører også til vanskelege køyreforhold i fjellet, og lokalt stor snøskredfare.

– Allereie no er det sørleg sterk kuling på kysten. Utover kvelden vil vinden dreie og då kan det bli snakk om sørvest stiv og i periodar sterk kuling, på Stad periodevis liten storm, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule.

Kan kome opp mot 80 mm. nedbør

Ho har ikkje spesielt gode nyhende for dei som hadde håpa på ein fin vinterferiedag fredag.

– Det blir nok ein døgn med mykje uroleg vêr.

For enkelte stader kan det kome svært mykje nedbør i løpet av døgnet frå torsdag kveld og fram til midnatt fredag. Det vil seie opp mot 80 millimeter, noko som vil merkast.

– Det er stort sett midtre og ytre strok som får mest nedbør, seier Thaule.

Tysdag gjekk NVE ut med eit flaumvarsel for Vestlandet, då det i løpet av onsdag og torsdag var venta lokalt opp mot 100 millimeter med nedbør i løpet av eitt døgn. Dei har førebels ikkje sendt eit liknande varsel for det komande døgnet.

Regn også i fjellet

Nedbørsmengdene vil i hovudsak kome som regn, og utovernatta vil snøgrensa ligge heilt oppe i 1200 meter. Det vil seie at det blir vått også i høgfjellet, noko som er problematisk i forhold til rasfaren.

NGI sa allereie i byrjinga av veka at ingen fjellskråningar i Norge er sikre denne veka, og dei store nedbørsmengnde i løpet av veka har ikkje betra situasjonen.

Utover dagen på fredag går temperaturane gradvis nedover igjen, og utpå dagen har snøgrensa gått ned til vel 400 moh.

Også vinden er venta å ta seg opp att utover fredag kveld. I periodar kan det då kome opp i full storm ved Stad.

Torsdag kveld er allereie fleire fjellovergangar stengde på grunn av vêret, og fleire mindre vegar er stengde på grunn av fare for ras.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER