Hopp til innhold

Varslar kamp for grendaskulane

Samtlege grendaskular i Flora kommune kan bli lagde ned.

Stig Midtbø, leiar i grendautvalet i Nordalsfjorden

Stif Midtbø i grandelaget varslar kamp for skulen i Nordalsfjorden i Flora kommune.

Foto: Simon Solheim / NRK

Etter fire år med raudgrønt styre har det blitt 101 færre offentlege grunnskular på landsbasis.

I Ap-styrte Flora kommune vil rådmann, Terje Heggheim, leggje ned samtlege utkantskular.

Nedlegging av dei fem skulane vil gje ei innsparing på fem millionar kroner i 2010. Pengane vil rådmannen bruke på sentrumsskulane.

Politikarane har eit ansvar

Solheim skule i Nordalsfjorden er blant skulane som kan bli lagde ned.

Stig Midtbø som er nyvald leiar i grendalaget i Nordalsfjorden, seier han har byrja å bli vand med at saka kjem opp.

– Eg meiner at kommunepolitikarane har eit ansvar for å oppretthalde utkantskulane, seier han.

Han varslar kamp for å behalde skulen.

– Vi kjem til å mobilisere skikkeleg for å stoppe framlegget, seier han.

– Skulen er eit samlingspunkt for bygda, også på kveldstid for lag og organisasjonar. Vi meiner det er heilt urimeleg dersom skulen blir lagd ned, seier han.

Trur tilflyttinga stoppar

Også skulane i Steinhovden, Standal, Batalden og Årebrot kan bil lagde ned.

– Vi meiner det vil vere eit tap for Flora kommne å leggje ned mange utkantskular, seier Trond Strømgren i Fanøy vel.

I framlegget til 2010-budsjett peikar rådmannen på at elevtalet går ned på alle utkantskulane. Prognosane syner at dette er ei utvikling som vil halde fram i dei fleste grendene.

– Kan det ikkje bli for små forhold på små skular?

– Eg trur dei fleste utkantskular gjev elevane eit godt tilbod til elevane. Og på sikt vil nok tilflyttinga stoppe der det manglar skular, seier han.