Hopp til innhold

Varmen gir snøskredfare

Høge temperaturar fører til større fare for snøskred. På sundag gjekk det eit 200 meter langt snøskred i Nordfjord.

Skred

FJERNUTLØYST AV SKILØPARAR: Snøskredet på Storegga var 100 meter breitt og nær 200 meter langt.

Foto: Martin Leite Gilleshammer

Det kunne absolutt gått menneskeliv. Det var mykje tung snø som kom nedover. Snøen var som betong, fortel Martin Leite Gilleshammer.

Martin Leite Gilleshammer

SKUMMEL OPPLEVING: Martin Leite Gilleshammer var vitne til det 200 meter lange snøskredet i Nordfjord.

Foto: Martin Leite Gilleshammer

På sundag var Leite Gilleshammer vitne til eit snøskred på fjellet Storegga ved Harpefossen Skisenter i Nordfjord. Han er overtydd om at det er uvanleg skumle skredforhold på fjellet.

– Det er ofte trygt på denne tida, men nysnøen som kom for 14 dagar sidan er livsfarleg. Så det er langt større fare enn kva datoen skulle tilseie.

Snøskredet var 100 meter breitt og nær 200 meter langt, og ingen kom til skade.

– Vi sat på toppen av heisen og skulle sjå nokon køyre ned. Plutseleg kom det mange hundre tonn med snø. Det var to skikøyrarar som fjernutløyste snøskredet på 100 meters avstand.

Tre snøras den siste veka

I Nordfjord har det vore fleire tilfelle av snøskred den siste tida, særleg kring områda ved Harpefossen Skisenter.

– På Harpefossen har det rasa mykje. Det har gått tre relativt store skred rundt skisenteret på ei veke, der alle skreda var utløyste av folk, fortel Leite Gilleshammer.

Snøskred

EITT AV TRE: Raset på Storegga var eitt av tre snøskred i Nordfjord i førre veke.

Foto: Martin Leite Gilleshammer

Leite Gilleshammer står mykje på ski sjølv, men snøskredet kom likevel brått på.

– Eg hadde ikkje tenkt at det skulle rase akkurat der, og ville kanskjekøyrtt der sjølv. Det visar seg at det er verre forhold i fjellet enn kva ein trur. Folk trur det er trygt, men ein bør vere ekstra forsiktig med den varmen som er ute no.

Stor skredaktivitet

– Det har vore meir ustabilt seint på året enn kva vi er vande med. Nysnø og kulde har skapt svake snølag, som førar til stor skredaktivitet når det er varmt, seier Solveig Kosberg, snøskredvarslar i NVE.

Det beste ein kan gjere i desse tider, er å ta ulikeforholdsreglarr før ein legg ut på tur, meiner Kosberg.

Solveig Kosberg

HA RESPEKT: Snøskredvaslar i NVE, Solveig Kosberg, oppmodar om å ha respekt for snøskredfaren i fjellet.

Foto: Solveig Kosberg / NVE

– Sett deg inn i skredvarslinga og les forskjellige tips. Hald deg unna bratte sider der snøen kalosnene. Ikkje undervurder tyngda i våt snø og ha respekt.

Det vert fallande temperaturar ut i neste veke, noko som kan stabilisere snødekket.

– Varmen har vart over ein periode, så vi forventar at skredaktiviteten skal gå gradvis ned, men at det likevel vil halde seg på dette nivået eit par dagar til, avsluttar Kosberg.