Hopp til innhold

Stor snø- og bresmelting i Jotunheimen - kraftmagasin renn over

Trudde du det måtte mykje regn til for å fylle kraftmagasina? Det gjeld ikkje i Jotunheimen.

Overløp på Fivlemyr dam

DET RENN OVER: På Fivlemyr dam på Sognefjellet er det smekkfullt med vatn.

Foto: Anneli Nesteng / Hydro Energi

For dei høge temperaturane dei siste dagane, kombinert med regn tidleg i veka, har ført til overløp på to av kraftmagasina til Hydro Energi, fortel Anneli Nesteng. Ho er sjef for Hydro Energi Sogn.

Anneli Nesteng

Anneli Nesteng er sjef for Hydro Energi Sogn.

Foto: Hydro

– No er det blitt litt rolegare, men måndag kveld hadde vi 163 kubikkmeter i sekundet i Fortun. Då såg eg sjølv at det var vatn på ein veg inst i Fortunsdalen, og på Vassbakken camping var det svært mykje vatn.

Difor har Hydro Energi fokus på flaumdempande tiltak.

– Vi prøver å disponer vatnet slik at dei går i dei rette elveløpa, og at mest mogeleg av det blir nytta til kraft.

God plass i Tyin og Storevatnet

Men dei største vassmagasina til Hydro Energi, Storevatnet på Sognefjellet og Tyin på Årdalssida, er langt frå fulle enno.

– Desse to vatna har god demping, som vi seier på kraftspråket. Det vil seie at det er stor reguleringshøgde før vi når den høgaste vasstanden vi har lov å ha.

På Tyin er det 3,5 meter att før det går til overløp, på Storevatnet er det 12,5 meter att.

– Så her er det plass til å ta imot ganske mykje snøsmelting og regn. I Tyin stig det no med 17 cm i døgnet, så det går fort no når temperaturane er så høge, både om dagen og natta.