NRK Meny
Normal

Var meint som ein spøk

Saka vart mykje større enn eg hadde rekna med, seier mannen i 50-åra som laga dei falske bjørnespora i Gaular.

Bjørnelabben

Slik ser den heimespikka bjørnelabben ut.

Foto: Privat

Onsdag melde han seg for politiet, etter at saka fekk stor merksemd i media.

LES: Tilstår falske bjørnespor

- Krydder i kvardagen

Bjørnespor
Foto: Vibeke Madsgård Kårstad

To kvinner gjekk den faste turløypa si på Lunde i Gaular kommune då dei onsdag kveld kom over det dei trudde var ferske bjørnespor.

LES: Fann bjørnespor på turveg

LES: Lurt av falske bjørnespor

Bjørnespora skaka opp bygdefolk, og han som leiar fellingslaget brukte mykje tid på å avsløre lureriet.

Mannen som stod bak lureriet, ynskjer ikkje å stå fram med namn.

- Eg tenkte at det kunne vere artig å spøke litt i bygda, få litt krydder i kvardagen. Men eg hadde ikkje rekna med resultatet som kom, seier han.

Spikka bjørnelabben

For to veker sidan sette han ut mellom 10 og 20 spor, etter at han hadde høyrt rykte om bjørn i Jostedalen.

- Eg fann ein plankebit og spikka og saga ut ein bjørnelabb. Så slo eg spikrar i tærne, og fann ut at det såg nokonlunde likt ut, fortel han.

Han reiv opp busker og laga merke i trestammane rundt ein skogsveg.

I glas og ramme

Spøken hadde han nesten gløymt. Heilt til turgåarane kom over spora og vart redde. Det beklagar ein angrande mann frå Gaular

- Hadde eg visst det gjekk så langt hadde eg ikkje gjort det?

- Kvifor melde du ikkje i frå før?

- Eg hadde vel gjerne ringt dei i går kveld viss eg hadde visst det hadde utvikla seg slik, seier han.

Målet om å skape PR for bygda, og halde ap med naboane kan ein vel trygt seie at han lukkast med. Og bjørnelabben, den vert ikkje brukt fleire gonger

- Eg lurer på om eg skal henge han i glas og ramme på veggen, slik at eg har noko å mimre over når alderdommen kjem, seier han.

Politiet opprettar truleg ikkje straffesak mot mannen.