Hopp til innhold

Fann bjørnespor på turveg

- Eg kjem i all fall ikkje til å gå tur på ei stund.

Bjørnespor

Dette er sporet Vibeke Madsgård Kårstad tok bilete av på turvegen.

Foto: Vibeke Madsgård Kårstad

Vibeke Madsgård Kårstad og venninna Helen Farsund gjekk den faste turløypa si på Lunde i Gaular kommune då dei onsdag kveld kom over ferske bjørnespor.

- Me blei livredde

- Eg tenkte: Å herregud! Me blei rett og slett livredde, fortel Madsgård Kårstad til firda.no. Spora gjekk i retning skogsvegen på Nos over høgda mot Bygstad.

- Dei må ha kome etter søndag, for då var heile bygda med på ei naturstivandring i det same området, utan at nokon la merke til desse spora, seier Madsgård Kårstad.

- Det er bjørn

Etter å ha fått sett bileta av spora som Madsgård Kårstad fotograferte onsdag, er leiaren av fellingslaget som har fått løyve til skyte bjørnen i Sunnfjord, Finn Olav Myhren, ikkje i tvil:

- Dette er bjørnespor.

Les: Fann nytt sauekadaver

Åtte drepte sauer

I løpet av den siste veka er det funne seks sauekadaver etter ein bjørn sitt rovtokt i Sunnfjord. I tillegg har to sauer døydd etter skadene dei har fått. Fylkesmannen gav onsdag Viksdalen og Førde beitelag løyve til å skyte ein bjørn.

Bjørnespor

Spora gjekk i retning skogsvegen på Nos over høgda mot Bygstad.

Foto: Vibeke Madsgård Kårstad