Hopp til innhold

Ruth blei lei pensjonslivet etter seks veker- starta i staden kafé

79 år gamle Ruth Elfrida Baarøy pensjonerte seg ved årsskiftet, etter mange i år yrkeslivet. Men så blei ho lei av å gå heime og starta like godt opp ein kafé.

Ruth Elfrida Baarøy

VIL VERE AKTIV: Ruth Elfrida Baarøy trivst ikkje med å sitje heime med strikketøy eller ei bok. Difor starta ho kafe i Førde.

Foto: Elin Støylen / NRK

Per Magnus Baarøy og Ruth Elfrida Baarøy

JOBBAR I LAG: Ekteparet brukar mange timar kvar dag på å lage mat til gjestene.

Foto: Elin Støylen / NRK
Kafeen på Domus i Førde

RO NED: Det er viktig å slappe av og kose seg i ein hektisk kvardag.

Foto: Elin Støylen
Per Magnus Baarøy

STILLER OPP: Per Magnus Baarøy hjelper til på kjøkkenet på kafeen.

Foto: Elin Støylen / NRK

Ho har kunne vore pensjonist i 12 år, men vil helst jobbe. Difor kan kaffitørste gjester gle seg over eit tilbod midt i Førde sentrum.

– Eg likar menneske og utfordringar. Det er veldig hektisk, men det gjer at det er gøy. Kundane mine gir meg overskot, for her er mykje positivitet, fortel ho.

Kjedeleg å berre strikke og lese

Kafeen ligg i andre etasje på Domus, eller Coop Mega som det heiter no. Det er Ruth som eig og driv den. Her ligg sveler på ei takke på kjøkkenbenken bak disken. På kokeplatene står det steikepanner klare. Ruth står i blårutete forklede og kokkehatt framfor komfyren mens ho laga klart til middagen.

– Det gjeld å ha alt klart. Eg startar klokka ni om morgonen. Eg lagar nesten alt sjølv. Det er god gammaldags mat her, seier ho.

Arbeidsdagen varer frå halv ni når ho reiser heimanfrå til ho og mannen er heime i femtida. Å ha det travelt, likar ho betre enn å vere pensjonist.

– Det blei så kjedeleg å sitje med eit handarbeid eller å lese. Det gav meg ingenting. No prioriterer eg dette. Eg ser alle dei takksame gjestane som er her, dei er jo så blide. Dette er meiningsfylt og gir meg energi.

Mannen er viktig medhjelpar

Men ho gjer ikkje alt dette åleine, mannen Per Magnus Baarøy susar rundt mellom kjøkenet og kafédisken i forklede sitt. Han hjelper til på kjøkkenet, handlar og fører papirarbeidet. Kafé Ro har nemleg blitt så populær at han òg har måtte bli med på drifta.

– Eg er også pensjonist og jobbar her heile dagen. Eg veit ikkje heilt kva det vil seie å vere pensjonist. Vi trivast med å jobbe, seier ham.

Om det ikkje er så mykje inntening på kafeen, meiner han dei stettar eit behov for dei som til dømes ikkje kan reise så langt.

– Det er sentrumsnært og eg føler vi gjer ei god gjerning. Eg blir ikkje rik av dette, men det har eg heller aldri vore, ler han medan han steikjer servelatpølse og lauk til middagsgjestene.

Gjestane trivast

Gjestene tek seg god tid. Pensjonistane Magnhild Rørvik og Oddfinn Hårklau sit med kvar sin kaffikopp.

– I dag skulle eg til Førde for eit tannlegebesøk. Då passa det fint å gå på kafeen etterpå, seier Rørvik.

Hårklau tykkjer det er flott at det finst eit nytt tilbod her som gamle og populære Domuskafeen heldt til i alle år. Her kan dei kose seg med god mat og treffe kjentfolk.

– Og som det står på skiltet, det er flott å kunne roe ned. Her kan vi slappe av, seier han.