Hopp til innhold

Har jobba heile livet på sjøen - no blir han fjordfiskar

Helge Frammarsvik (60) vart pensjonist denne veke etter å ha jobba heile livet på sjøen. No ser han fram til å nyte pensjonistlivet i den vesle båten sin på Førdefjorden.

Helge Frammarsvik (60) vart pensjonist denne veke etter å ha jobba heile livet på sjøen. No ser han fram til å nyte pensjonistlivet i den vesle båten sin på Førdefjorden.

SJÅ VIDEO: Helge Frammarsvik kosar seg på fjorden med fiske. Heile livet har han jobbe på sjøen, no er han pensjonist.

– Eg har segla utanriks heile mi tid, og har sett mykje forskjellig opp gjennom åra, fortel Frammarsvik. 60-åringen har jobba på sjøen heile sitt yrkesaktive liv.

Som 17-åring reiste han ut på sjøen og har sidan vore både styrmann og skipper på ulike båtar i utanriksfart.

– Eg gav meg då vi blei så få norske på båtane at eg vart åleine nordmann. For då tykkjer eg at det sosiale var heilt vekke. Å berre vere i lag med filippinarar og russarar blir litt einsamt i lengda, fortel han.

– Fantastisk i Amerika

Fisk

DAGENS FANGST: Helge Frammarsvik seier seg nøgd med dagens fangst.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Dei siste 4,5 åra har han jobba på ferja Lærdal mellom Hella, Vangsnes og Dragsvik. No ventar pensjonistilværet og den brukar han gjerne på fjorden.

Trebarnsfaren bur like utanfor Naustdal sentrum og vil bruke mykje av tida si i den vesle fiskebåten sin på Førdefjorden. Frammarsvik minnast den tida han for på turar til Amerika.

– Då var det ei heilt anna tid. Det vart mykje amerikareiser, og det var jo fantastisk der borte på den tida. No er det noko heilt anna. Etter terroren mot tvillingtårna i New York, så har det vorte heilt sirkus å kome inn med båt til USA.

Han fortel at det no kjem væpna folk om bord i båtane.

– Så ein kunne tru at ein er reine terroristen. Det syns eg ikkje noko om, seier han.

Redde for nordlyset

Det er ikkje berre filippinarar og russarar han har vore på sjøen med. Kinesarane blant anna hadde eit heilt spesielt forhold til eit kjent naturfenomen.

– Eg hadde jo kinesisk besetning på ein båt og dei var redde for nordlyset. Deira kunnskap tilsa det at når det var flamma på himmelen, så trudde dei at det gjekk mot dommedag og vart redde av det, fortel Frammarsvik.

Då måtte Frammarsvik forklare at dette var eit naturleg fenomen, utan at kinesarane heilt forstod det til å begynne med.

– Fornøgd med det eg får

Helge Frammarsvik

FISKE: Ein god start på dagen, meiner sjømannen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

På fjorden utanfor Naustdal kosar han seg i dag med fiske. Allereie dagen etter han vart pensjonist kan han seie seg godt nøgd med fangsten.

– Ein fiskar må vere fornøgd med det han får, ler Frammarsvik medan han dreg opp garnet. – Det er jo ein del av dei som kjenner meg som har fått ein del fisk av meg oppgjennom tida, fortel han.

I hovudsak er det dette han vil bruke pensjonisttilværet på. I tillegg dyrkar han litt frukt og litt grønsaker som også tek litt av tida hans. Men det er på sjøen han trivst aller best.

Får besøk av ørn

På fjorden er det også fugleliv. Han fortel om eit ørnepar som hekkar i nærleiken.

– Dei er jamleg nede og besøker meg når eg sløyer fisk, og då har eg gjerne ein uer eller noko som eg gir til dei. Dei kjenner båten så av og til er dei berre 20 meter ifrå. Måsen er også fast gjest, fortel den ferske pensjonisten.

– Ein god start på dagen med fisking, meiner sjømannen. Dagens fangst kjem på middagsbordet og resten skal han salte.