Hopp til innhold

Var aleine om avgjerda

Nestleiar i soknerådet i Kinn fekk femten minutt på å ta asylavgjerda.

Simon Fkadu og Fkade Thaye

PÅ PLASS: i ettermiddag fekk Simon og faren kyrkjeasyl i Florø kyrkje.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Ann Kristin Takle Winterthun fortel at leiar for aksjonsgruppa, Kåre Leif Hollevik, kom til ho eit kvarter før det skjedde og bad ho komme til kyrkja fordi Simon og faren hadde bestemt seg for å gå i asyl.

– Det var viktig for aksjonsgruppa at det var nokon frå soknerådet tilstades for å seie at dette var greit, seier Winterthun.

– Dette er den beste løysinga og dei er trygge der dei er no, seier Winterthun.

Norske myndigheiter har bestemt at dei ikkje får vere i landet. Kva tenkjer du om at du går i mot den avgjerda?

– Dei har vald å gå i asyl, og så får me ta den biten etter kvart.

Var det vanskeleg å ta avgjerda om å gi dei kyrkjeasyl?

Simon og faren Fkade Thaye

I ASYL: Simon og faren i Florø kyrje i ettermiddag.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

– Nei, det trengte eg ikkje tenkje på ein gong. Det er noko av det viktigaste eg har gjort, ikkje berre som soknerådsmedlem, men som medmenneske og folk. Saka er så grufull i seg sjølv at dette var ein sjølvsagt ting å gjere.

– Ønskjer dei å gå i asyl i Florø kyrkje kan ikkje me nekte dei det, legg Winterthun til.

Har ikkje de makt til å sei at dei ikkje er velkomne i kyrkja?

– Jo, det har me nok. Men det var ikkje noko tema.

Diskuterte du saka med andre i soknerådet?

– Nei, eg vart bede om at så få som mogleg skulle få vite det. Eg hadde eit kvarter på meg, og måtte berre ta ei avgjerd.

Kva vil skje vidare i saka?

– Eg veit lite om kva som skal skje vidare. Det viktige no er ro og kvile for dei to som har funne asyl i kyrkja.

Kyrkja er ikkje utstyrt til å bu i, korleis vil det fungere?

– Det er ingen eigna plass, men dette er det einaste alternativet no. Aksjonsgruppa er inne og hjelp til med det dei måtte ha bruk for.

Kor tungt inne kjem soknerådet til å vere vidare?

– Det må me diskutere i soknerådet før eg kan uttale meg om det.

Føler du avgjerda du tok i dag var riktig?

– Ja, det er eg ikkje i tvil om. Viss dei føler seg trygge i kyrkja vår skal dei få vere der, avsluttar nestleiaren i soknerådet.