Storkontraktar til verksemder som Luster mekaniske industri og Kleven Florø skapar stor rift om sveisarar og platearbeidarar. Det seier fylkesarbeidssjef Frode Henden.
Dermed er alt snudd på hovudet. Frå masseoppseiingar, arbeidsløyse og ordreturke i til dømes verftsindustrien, er problemet no å få tak i nok fagfolk. Rett før jul vann Kleven Florø ein storkontrakt på byggjing av tankskip til ein verdi på 700 millionar kroner.
Kleven treng 200
I løpet av året treng difor Kleven 200 nye sveisarar og platearbeidarar ved skipsverfta i Florø og Førde. I Sogn og Fjordane er det berre mellom 400 og 500 arbeidsledige med ei eller anna form for industribakgrunn. Verftsleiinga i Kleven Florø må difor ut av fylket for å hanka inn folk, seier fylkesarbeidssjef Frode Henden.
LMI aukar arbeidstokken
Ein som merkar den knallharde konkurransen om industriarbeidarane er dagleg leiar i Luster mekaniske industri, Geir Øren. På fredag vann Luster mekaniske industri ein storkontrakt til ein verdi på mellom 20 og 30 millionar kroner. Denne og ein ni millionarsordre frå oktober gjer at Øren må auka arbeidsstokken frå 47 til 60. Men det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte fagfolk, seier Øren.