Omsyn til barn
Hornindal kommune har gått inn for den såkalla austre veglina, som går like forbi skulen og barnehagen. Fylkesmannen meiner kommunen ikkje har gjort dei utgreiingane som lova krev når det gjeld følgjene ein ny veg vil få for støy, ureining og fare for trafikkulukker, skriv Sunnmørsposten.
Rasfare
Fylkesmannen tek likevel ikkje stilling til kva vegline som er best ut frå omsynet til barn og unge. Vegsjefen har tidlegare peika på mogeleg rasfare ved å velje alternativet; den vestre lina, og og Fylkesmannen
Bjørn Lødemel
meiner dette heller ikkje er godt nok utgreidd, og underkjenner heile vedtaket på grunn av vesentlege sakshandsamingsfeil.
Dramatisk
Ordførar Bjørn Lødemel seier underkjenninga er dramatisk og har bedt om eit møte med Fylkesmannen i morgon.