Hopp til innhold

Valobservatør frå El Salvador lærer norsk lokaldemokrati

KAUPANGER (NRK): Marta Lilia Alfaro er overraska over tiltrua folk i Norge har til systemet. – Folk stolar på at ting blir rett gjort, det gjer dei ikkje i El Salvador.

Marta Lilia Alfaro

ROLEG VAL: Marta Lilia Alfaro er overraska over kor rolege vala er i Norge. - Heime er det song og musikk, seier ho.

Foto: Halvor Farsund Storevik / NRK

Vallogo

I vallokala på Kaupanger gymsal er Marta Lilia Alfaro valobservatør. I heimlandet hennar, El Salvador er ikkje demokratiet komme like langt som i Norge. Ho er kommen for å lære av det som blir gjort her.

– Eg er komme hit fordi systemet her er så forskjellig frå systemet i mitt land. Eg er her for å sjå på og lære av dei demokratiske prosessane i Norge. Det er ei utveksling som vi har via regjeringa mellom mitt parti i El Salvador og SV her i Norge.

Stor skilnad

Ho er slått av skilnaden mellom måten val i heimlandet føregår, samanlikna med i Norge.

– Det er stor forskjell. Det er mykje rolegare her enn det er i El Salvador og eg er imponert over tiltrua folk har til systemet. Folk stolar på at ting blir rett gjort, det gjer dei ikkje i El Salvador.

– Kva synest du kunne blitt betre i Norge?

– Eg synst politikarane kanskje er litt for kalde og rolege under valet. I mitt land er alle parti representert ved kvart stemmebord, så det er mykje folk. Det er song og musikk, brask og bram. Medan her kjem folk inn og stemmer, har kanskje ein liten hyggjeleg prat og så er det over, seier Alfaro.

Tar med seg erfaringar heim

Alfaro seier ho har lært mykje ved å følgje valet i Norge. No vil ho ta med seg fleire erfaringar heim til El Salvador.

– Vi håpar vi kan vi kan få overført noko av den rolege stemninga herifrå, at det blir mindre kriminalitet rundt valet og at dei som sit ved stemmeborda får gjere jobben sin, utan at dei må overvakast av så mange. Folk er veldig mistenksame og trur at alle stemmene blir manipulerte.

– Kva vil de oppnå med å endre oppbygginga av demokratiet?

– I El Salvador har vi nettopp byrja på ein demokratisk prosess. Vi håpar at den demokratiske ideen skal komme ut til folket. At alle skal få den inn i liva sine og leve etter den.