Hopp til innhold

Florø-gründer vann teknologipris

Under ei prisutdeling i Los Angeles i natt, vann Silje Vallestad og selskapet Bipper den gjevaste prisen.

Silje Vallestad

GLAD GRÜNDER: Ho har hatt suksess med selskapet Bipper og mobilapplikasjonen «bSafe». I natt vann Silje Vallestad prestisjetung pris i Los Angeles.

Foto: cFoto/Camilla Waage

Ho starta Bipper i 2006, og i natt har dei fått anerkjennelse for at teknologien på deira område er best i verden, skriv VGNett.

- Eg er veldig glad. Dette er den gjevaste prisen ein gründer kan vinne, sa Silje Vallestad etter prismottakinga på teknologikonferansen Red Herring Global i Los Angeles.

Vallestad er oppvaksen i Florø, men dei siste åra har ho budd i Bergen. Selskapet hennar står også bak mobilapplikasjonen «bSafe», som har fått mykje merksemd.

Applikasjonen gjer at mobiltelefonen fungerar som ein tryggleiksalarm og 200.000 brukarar har lasta ned programmet til sin mobiltelefon.

Ho fortel at Bipper har nytta Norge som testmarked men at dei no er klare for å bli internasjonale.

- I 2013 kjem vi til å gå offensivt ut i USA og fokusere på det amerikanske markedet, seier ho.

Vil verta størst

Dei andre selskapa Bipper konkurrera med i nattas prisutdeling er store og har omsetning for over 100 millionar dollar i året.

- Vi vant fordi vi har eit stort potensiale for å veksa, fortel Silje og legg til:

- Eg har sagt frå dag ein at vi skal bli størst i verden på personlig tryggleik via mobil.

Med prisen, som ho omtalar som teknologiens Oscar, er ho på god veg til å nå det målet.

VGNett skriv at fleire store selskap i både Japan og Amerika no syner interesse for å jobbe med selskapet hennar.