Hopp til innhold

Eksplosjon i salet av valdsalarmar

Dei siste vekene har valdsalarmar blitt reve vekk frå butikkhyllene i Bergen. Trass i at byen ikkje har auke i antal overfallsvaldtekter.

Video Eksplosjon i sal av valdsalarmar i Bergen

REKORDSAL: Clas Ohlson på Bergen storsenter har seld dobbelt så mykje berre dei fire fyrste dagane i november, enn i heile juni og juli til saman.

Både i 2010 og i 2011 var det ni overfallsvaldtekter i Bergen. Clas Ohlson på Bergen storsenter har likevel måtte tidoble bestillingane på sprayar og valdsalarmar for å halde tritt med etterspurnaden dei siste vekene. Salet har òg eksplodert i Oslo og Stavanger.

– Vi har solgt veldig mange voldstektsalarmar. Berre denne veka har vi seld fleire valdsalarmar og sprayar enn i heile juni og juli, fortel butikksjef Svein Erik Furebotn.

Medieoppslag og valdtektsfrykt

Svein Erik Furebotn

VALDTEKTSFRYKT AUKAR SAL: Butikksjefen trur mediefokuset og valdtektsbølgja i Oslo er årsaka til det auka salet.

Foto: Ingvild Nave / NRK
valdsalarm

TIDOBLA BESTILLING: Både unge og eldre kvinner kjøper seg alarmar.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Han trur den stor merksemda rundt overfallsvaldtektene i Oslo har ein samanheng med eksplosjonen i alarmsalet.

– Alt tyder på at det er alle medieoppslaga og valdtektsbølgja i Oslo som er årsaka, seier Furebotn.

Ein auke i salet betyr fleire kroner i kassa for kjeden.

– Vi prøvar ikkje å tene mest mogeleg pengar på dette. Vi tilbyr ein ekstra tryggleik til dei som måtte ønskje det, utan at dei på tøme lommeboka si fullstendig. Det er jo noko positivt å tilby kundane sine, seier butikksjefen.

Ein av kundane i butikken er Berit Stene. Ho har bestemt seg for å kjøpe alarmar til to unge jenter i familien.

– Eg har høyrt mykje om valdtektene på radioen og då tenkte eg at eg skulle gå hit å kjøpe alarmar til jentene i dag, fortel Stene

Den typiske kunden er kvinnelege studentar i 20-åra og eldre damer, men også gutar som kjøper til kjæresten sin og foreldre som kjøper til borna sine er vanleg.

– Eg håpar sjølvsagt at dei ikkje får bruk for alarmane, men eg kjøper dei likevel, sånn i tilfelle, seier Stene.

forsvarspray

POPULÆRE: Fleire har gått til innkjøp av forsvarssprayar.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Eksplosjon i nedlasting av mobilalarm

Ein annan valdtektsalarm som er komt på marknaden er mobilapplikasjonen Bsafe. Om noko skjer trykker du ein på ein knapp og appen vil sende ut meldingar om kvar du er til kontakter på telefonlista di.

– Det har eksplodert. Den siste vekene har vi hatt fleire tusen nedlastingar kvar dag. Bsafe har vore den mest nedlasta applikasjonen i heile Norge, over Angry Birds og Facebook, seier Bipper-gründer Silje Vallestad.

Mobilapplikasjonen er gratis, og kan lastast ned til både iPhone og Android-telefonar. Vallestad synest det er trist at kvinner føler dei treng å ha ein alarm.

– Talet på nedlastingar viser jo at dette er noko kvinner føler dei har behov for. Folk er bekymra, seier Vallestad.