Retten kritiserer politiet for å ha vore for slappe i arbeidet med å stevne den tiltalte, ein mann i begynnelsen av 20-åra. Sidan mannen har budd på asylmottak i fleire år, trur ikkje retten at politiet skulle ha noko vanskar med å lokalisere han.
Mannen var tiltalt for å ha slått ned ein annan mann på sosialkontoret i Florø. Han får no ei mildare straff enn vanleg. Medan aktor la ned påstand om 60 dagars ubetinga fengsel, er den lange sakshansamingstida årsaka til at retten gjev halve dommen på vilkår.