Hopp til innhold

Vågsøy kan tape 200 arbeidsplassar

Vågsøy kan tape kring 200 og og Ytre Nordfjord til saman kring 300 arbeidsplassar på at russarane nektar å importere norsk fisk, seier ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

Roger B. Silden.
Foto: NRK

Fabrikksjef Roger Skavøypoll ved Måløy Seafood er ein av dei som fryktar for at heile sild- og makrellsesongen kan gå i vasken.

- No er vi på veg inn mot produksjonen der det skulle ha vore pakka kassar i tusenvis i timen, men der står det i ro.

- Tomt til vinteren

Han er oppgitt over at russiske styresmakter frå 1. oktober krev å inspisere og godkjenne alle norske fiskeindustribedrifter som eksporterer til Russland. Det kan bety at anlegget blir eitt av fleire som blir ståande tomt til vinteren.

- 300 arbeidsplassar kan ryke

Og ordførar i Vågsøy og hovudaksjonær i Måløy Seafood, Roger B. Silden, fryktar at kring 300 arbeidsplassar i ytre Nordfjord kan ryke.

- Vi har fire pelagiske anlegg her i Måløy sentrum. Reknar vi dei som er tilsette der og i tillegg fylgjer rundt desse verksemdene snakkar vi om 200 arbeidsplassar her i Vågsøy. Så har vi Selje fiskeindustri og Bremanger fiskeindustri som blir berørt av dette, så vi snakkar om bortimot 300 arbeidsplassar. For Vågsøy er dette svært alvorleg. Vi  er ein omstillingskommune, og er det noko vi ikkje treng no, så er det dette.

Stort eksporttap

For næringa vil problema med Russland bety enorme tap. Berre fram til nyttår vil det samla eksporttapet for norsk fisk vere mellom ein og ein halv og to milliardar kroner, seier administrarande direktør Terje Martinussen i Eksportutvalet for fisk,

For silda åleine kan eksporttapet vere på nærare ein milliard, for sesongen er no rett rundt hjørnet, og næringa fryktar at dei russiske inspektørane vil bruke lang tid på å undersøke anlegga.

Godkjenninga går sakte

For ni månadar sidan gjorde nemleg russarane same type vedtak for fersk aure og laks, til no har dei berre godkjent to lakseslakteri for import til Russland.

Gahr Støre er kopla inn

Onsdag skal det vere møte mellom Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Fiskeridepartementet og utanriksminister Jonas Gahr Støre. Dei skal prøve å finne ei løysing på krisa, og det hastar, for mange fiskemottak langs kysten kan bli ståande tomme i vinter.

På Måløy Seafood fryktar Skavøypoll at den russiske importstoggen kan bety kroken på døra for anlegget og dei 35 arbeidsplassane.