Ikkje ein gong Høgre vil ta ansvaret for budsjettkuttet som det Høgre-styrde utdanningsdepartementet har føreslått. Men sjølv om heile det politiske miljøet i Stortinget kallar løyvingskuttet for eit slags arbeidsuhell, er det ingen automatikk i at løyvinga kjem på plass igjen.
Opp til opposisjonen
– Sverre Hoddevik frå Høgre har heilt rett i si utskjelte utsegn her på lokalradioen om at det formelt er opposisjonen som må føreslå å legge løyvinga inn att, seier Bjergene.
Dei positive signala frå alle dei politiske partia fører også til at UWC avlyser mobiliseringa av Nelson Mandela, dronning Noor i Jordan og sjølvaste paven i kampen for skulen.