Hopp til innhold

– Skal du over fjellet i dag, bør du rekne god tid

Vinden herjar på kysten og i fjellet. Det påverkar også trafikken i Sør-Noreg.

Bommen ligg nede ved Hola på riksveg 13 over Vikafjellet.

STENGT: Vikafjellet er søndag morgon stengt på grunn av uvêr.

Foto: Statens vegvesen

Prognosane om liten storm og nedbør på fleire fjellovergangar har slått til.

– Det er dårleg i fjellet og prognosane er generelt dårlege for dagen i dag. Akkurat no er E16 over Filefjell heilt open, og det er nok dei som har dei beste prognosane, seier trafikkoperatør Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

– Bør rekne god tid

Det er dårleg sikt som fører til stengingar og kolonnekøyringar over fjellet. I tillegg til E16 og Filefjell, er det ope over Strynefjellet sjølv om vinden er kraftig også der.

Så moglegheitene for å komme seg mellom Aust- og Vestlandet er der.

– Skal ein ut å køyre, så må ein sjekke vêr og føreforhold og sjekke om det er ope, kolonne eller stengt. Ein bør rekne god tid om ein skal krysse fjellovergangane, seier Norheim.

Bles mest i vest

Terje Alsvik Walløe

BETRING: – Vinden er i langsam minking. Den blir gradvis mindre etterkvart som timane går utover dagen i dag, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Foto: Kamilla Pedersen

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe seier vinden er kraftigast på sørvest kysten og i dei vestlege fjellområda.

Eit lite skylag over fjelltraktene i Sør-Noreg gir ei mindre mengde kvit nedbør. Dette påverkar siktforholda på enkelte fjellovergangar.

– Det har blåse mykje i natt, særleg i fjelltraktene som vender mot Vestlandet. På Finse blåste det til dømes sterk kuling, opp i 20 meter per sekund. Men aller mest vind i natt hadde vi rundt Jæren og kysten av Rogaland. Eigerøya vest for Eigersund har hatt opp i full storm, seier Walløe.

– Langsam betring

For dei som er i fjellet er sjansen likevel god for å komme seg heim att utover dagen i dag.

Ein må berre smørje seg med litt tolmod.

– Det er veldig mykje mindre vind austover enn vestover, men også i vest vil det langsamt roe seg utover dagen. Det går mot betring også der det bles mykje no. Det blir gradvis mindre vind etter kvart som timane går utover dagen, seier han.

Slik er situasjonen klokka 08:

  • E6 Dovrefjell: Stort sett snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 1340 var det -8 grader, nordleg lett bris og skya.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke og snøfokk. Klokka 1345 var det -9 grader, frisk bris og lette snøbyer.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring mellom Liamyrane bom og Vågslidtunnelen på grunn av uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Snø- og isdekke. Klokka 14 var det -6 grader, liten kuling og skya.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av oppryddingsarbeid. Her blir opplyst at det er venta kolonnekøyring frå klokka 16.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 1350 var det -6 grader, austleg liten kuling og lettskya opphaldsvêr.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Her blir det opplyst at vinden er venta å roe seg i 16-17-tida.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Her blir det opplyst at vinden vil auke på fram mot klokka 16, men vil då roe seg igjen fram mot klokka 21.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke og somme stader redusert sikt. Klokka 1315 var det -10 grader, liten kuling og middels snøyer.