NRK Meny
Normal

Uvanleg mykje lyn i vinter har ført til rekordmange skadar på elektrisk utstyr

Uvanleg mykje torevêr har ført til svært mange skadar på elektrisk utstyr.

Lyn i Sogn og Fjordane

MYKJE TOREVÊR: Tysdag 13. januar registrerte Statnett 1667 lyn på Vestlandet, hovudsakleg i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Kart frå Statnett

– Vi får inn alt mogleg av elektrisk utstyr, men hovudsakleg modem til internett, straumforsyning til modem og trådlause telefonar, fortel Steinar Aase i elektrobutikken Magne Aase i Førde.

Mange har opplevd å få det elektriske utstyret sitt øydelagt etter torevêr, som det har vore uvanleg mykje av i vinter. Og det er ikkje alt som løner seg å reparere.

  • LES OGSÅ:
  • LES OGSÅ:

– Det som gjeld trådlause telefonar og modem og slikt er det berre å byte. Det er ingenting å reparere på. Det er for billeg til å skru på. Når det gjeld koketoppar og andre kvitevarer så er det ei anna sak. Då vil det nok i ein del tilfelle kunne løne seg å reparere.

Trekk ut kontakten

Elektroforhandlaren har to råd til folk når det gjeld lyn.

Steinar Aase

MANGE SKADAR: Steinar Aase har i vinter hatt mange kundar som har fått elektronisk utstyr øydelagt av lyn.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Få deg overspenningsvern til både straum og data og tele, og elles trekk ut kontakten til sårbare kvitevarer som frysarar og kjøleskåp.

– Det er sikkert mange med meg som tenker at det skjer ikkje meg når vi sit der i godstolen og ser eit kjekt program på fjernsyn og vi høyrer torever langt i det fjerne. Burde vi då eigentleg slå av og trekke ut kontakten?

– Ja, det burde du nok heilt klar ha gjort. For lynet kan følge både antennekablar og straumnett over lange avstandar, lenger enn vi kanskje skulle tru. Diverre vil nok dei fleste tenke at det skjer ikkje meg. Eg tenkte på same måten sjølv. Dette har aldri skjedd hjå meg i Førde sentrum, og eg trekte ikkje ut noko som helst utanom ein frysar.

Kan ikkje gardere seg 100 prosent

Med overspenningsvern vil du til ein viss grad kunne verne det elektriske utstyret ditt. Men jo nærare du er nedslagsfeltet til større er faren for skadar.

– Er du veldig nære eit nedslag slik som vi hadde i Vieåsen i Førde for nokre dagar sidan, så trur eg det er svært vanskeleg å gardere seg 100 prosent. Då vil du kunne få skade uansett.

– Kva er dine beste råd?

– God førebygging, det vil seie overspenningsvern både på data, tele og straum og kople eventuelt ifrå kjøleskåp og fryseboksar som er mest sårbart for overspenning.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast