NRK Meny
Normal

Usemje om fødestova i Lærdal

Ei arbeidsgruppe ved Lærdal sjukehus er delt i synet på fødetilbodet ved sjukehuset i framtida.

Fleirtalet i gruppa ønskjer forsterka fødestove med gynekolog-teneste som no eller utviding til fødeavdeling.

Mindretalet meiner det er usikkert om det er fagleg forsvarleg med ei fullverdig fødeavdeling på grunn av det låge fødselstalet i området.

Heile gruppa meiner Lærdal i framtida skal ha tilbod innan geriatri, rehabilitering, akuttmedisinske team og ambulerande polikliniske tenester.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.