Hopp til innhold

Usamde om nytt utsiktspunkt

Balestrand kjem truleg til å seie ja til eit nytt bygg på utsiktspunktet på Gaularfjellsvegen.

Avisa Bergens Tidende skriv at faginstansar er usamde, men at kommunen likevel seier ja til det modernistiske prestisjebygget.

Det er ein høyringsrunde som har avslørt store skilnader i meiningane om bygget. Fylkeskommunen likar planane, medan Fylkesmannen og Naturvernforbundet er kritiske til at eit stort betongbygget skal byggjast i det opne landskapet.

Krev ikkje motsegn

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal er skeptisk og spør om det trekanta betongflaket er i tråd med europeisk landskapskonvensjonen som Norge har slutta seg til. Fylkesmannen vil likevel ikkje fremje motsegn i saka.

Bygget blir ein del av Statens vegvesen sitt prosjekt på Nasjonale Turistvegar.

Positiv ordførar

I Aurland har utsiktspunktet Stegastein fått mykje positiv merksemd, og no håper Balestrand-ordførar Einar Målsnes at også kommunen hans kan få noko tilsvarande.

– Eg er svært positiv til at vi skal få ein liknande attraksjon, seier han til avisa.

No er det opp til politikarane i Balestrand om dei vil at prosjektet skal realiserast. Det skal skje på kommunestyremøtet 15. september.

Gaularfjellet

UTSIKTEN: Dei som stoppar på toppen, kan nyte denne utsikten mot hårnålssvingane.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK