Hopp til innhold

Internasjonal utsikt på Gaularfjell

Code arkitektur AS vann knivskarp kamp om "Utsikten" langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet.

Slik vil Code arkitektur AS at Utsikten på Gaularfjellet bør sjå ut.

Slik vil Code arkitektur AS at Utsikten på Gaularfjellet bør sjå ut

Foto: Code Arkitektur / CODE ARKITEKTUR AS

- Dette kan bli arkitektur av internasjonalt format, meiner juryen.

- Nytenkjande tolking

Oslo-firmaet slo Jensen & Skodvin Arkitektkontor og Reiulf Ramstad arkitekter på målstreken. Etter ei nøye vurdering landa juryen samrøystes på framlegget frå Code.

Sjå dei andre forslaga.

- Utkastet viser ei nytenkjande tolking av ei turistvegoppgåve saman med ei særs god skulpturell formgjeving. Dette kan bli ein hovudattraksjon på Nasjonale turistvegar, skriv juryen.

Amfi på 420 kvm

Det store grepet er eit betongflak som reiser seg i tre endar og formar eit amfi på kring 420 kvadratmeter. Juryen var særleg nøgde med at framlegget kan nyttast på fleire vis i tillegg til rast og utsikt for dei reisande.

- Plassen kan brukast til bryllaup, konsertar og skateboardfestivalar. Slik kan Utsikten bli ein lokal attraksjon og samlingsstad for fleire enn turistar, skriv juryen.

Ferdig i 2011

Utsiktsamfiet vert laga slik at vegfarande kan gå ut i terrenget gjennom opningar i betongflaket. Frå sør får publikum utsikt mot skaret der riksvegen kjem ned frå fjellet. Her er det også føreslått ei tribune.

Juryen meiner at vinnarframlegget på ein god måte har løyst parkeringsproblema. Til vanleg er det plass til ti bilar og to bussar. Den nye Utsikten skal etter planen vere ferdig i 2011.

Tre turistvegar

Nasjonal turistveg Gaularfjellet kjem hausten 2011 i selskap med dei Nasjonale turistvegane over Strynefjellet, Sognefjellet, Aurlandsfjellet og dei andre 14 Nasjonale turistvegane.

Målet med turistvegsatsinga er å få fleire turistar til Noreg og at dei skal stogge lengre. Slik håper styresmaktene å styrke næringslivet og busetnad i distrikta. Midla til rasteplassen på Utsikten og resten av de Nasjonale turistvegane er øyremerka. Dei kjem i tillegg til dei ordinære vegløyvingane.