Odd John Bugge bur ikkje meir enn knappe 60 meter frå kyrkja, og meiner det gjev eit dårleg bilete at ein så unik bygning er heilt tilgrodd på framsida.
-Ein ser nesten ikkje kyrkja på grunn av at ho nesten er grodd att med masse småskog og litt større tre, seier han.
Kulturskatt
Urnes stavkyrkje i Luster er eitt av få norske byggverk som er med på UNESCO si liste over dei fremste kulturskattane i verda. Kyrkja vart bygd på 1100-talet. Stavkyrkja er ikkje berre eit bidrag til verdsaktitekturen, ho er også ein stor turistattraksjon. Men no er området rundt kyrkja så tilgrodd med kratt og busker, at folk i bygda og turistar reagerer. Å ta bilete av kyrkja syner seg vanskeleg på grunn av alle vekstene. Fordi området er freda, er det riksantikvaren som avgjer kva som skal ryddast, hevdar Bugge.
-Som grunneigarar kunne vi ha tatt bort vekster på ein blunk, men vi kan ikkje gjere noko då det er Riksantikvaren som må bestemme kva busker og tre som skal takast, seier han.
Ikkje ansvar
Riksantikvar Nils Marstein hevdar ovanfor NRK at dette ikkje er deira ansvar.
-Nei, dette er ikkje vårt ansvar. Det er grunneigar sjølv som har ansvar for sitt område. Og Kyrkja og kyrkjegarden er det Fortidsminneforeininga som eig. Vi har ikkje noko mogelegheiter for å påverke korleis dei forvaltar områda sine,seier Marstein.
Stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Liv Norunn Hamre, er derimot samd med Bugge om at det er Riksantikvaren sin jobb å ta ansvar for å utbedre tilhøva rundt kyrkja.
Skal ryddast
Men Gro Osland i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane sier at det no skal utarbeidast ein plan for opprydding av området. Fortidsminneforeninga eig kyrkja og delar av kyrkjegarden, som er dei freda områda. Riksantikvaren har, på grunn av UNESCO-lista, sett ned eit samarbeidsråd der kommunen, grunneigarar og Riksantikvaren skal jobbe med saka.
-Vi har lenge vore klar over situasjonen og det har vore snakk om dette tidlegare. No har Riksantikvaren løyvd pengar til oppryddingsarbeid, så vi kjem til å sette igang med dette arbeidet, seier ho.
Det har tatt lang tid fram til no, men Osland lovar at dei skal gjere sitt for at planen vert sett i verk snarast mogeleg.
-Eg trur ikkje dette vil verte noko problem, no som fleire har tatt initiativ og vi også har fått pengar, seier ho.
Men det vert ikkje gjort noko før etter ferien.
Enn så lenge står stavkyrkja frå 1100-talet gøymt mellom buskar og tre.