Hopp til innhold

- Ingen andre vegprosjekt i landet skaper så stort engasjement, seier statssekretær

Samferdsledepartementet blir nedringt av presse og politikarar som vil ha svar om utfallet i traseval for E39. Eit liknande engasjement har dei ikkje opplevd før, seier statssekretær.

Statssekretæren er fascinert over det voldsome engasjementet E39-saka har skapt i fylket.

FOLKELEG ENGASJEMENT: Den store pågangen frå media, politikarar og folk flest i saka om kvar E39 bør gå stadfestar kor viktig samferdslespørsmål er for folk, seier statssekretær John-Ragnar Aarset.

Foto: NRK

– Eg trur heilt klart vi kan slå fast at ingen andre vegprosjekt skapar større engasjement enn traseval for E-39 gjennom Sogn og Fjordane. Det er fascinerande, seier statssekretær i Samferdsledepartementet, John-Ragnar Aarset frå Høgre.

Det store spørsmålet om kvar framtidige E 39 skal gjennom fylket har skapt store politiske debattar med høg temperatur. Om vegen skal gå gjennom Stryn eller Eid har splitta politiske parti og bygdelag. Alle ventar i spaning på avgjerd i den betente saka.

– Det store engasjementet skjerpar oss. Når ein ser kor mykje som står på spel for dei dette handlar om, så stiller det store krav til oss om at vi fattar best mogleg avgjerd, seier statssekretæren.

John-Ragnar Aarset

POSITIV: Statssekretær John-Ragnar Aarset (H) er positiv til forslaget, men presiserer at det må finnes en god løsning for lokaltog som går lengre enn fylkesgrensa.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

Ein konkret dato eller nærare informasjon om kor tid den endelege avgjerda som alle ventar på kjem, vil han ikkje ut med.

– I løpet av våren, svarar han kort på spørsmål om kor tid ventetida er over.

Samferdselstiltak viktig for folk sine framtidsutsikter

Han seier at folk i heile landet er veldig opptekne av sine vegprosjekt, flyplassar, jernbaner og ferjetilbod, men at ingen prosjekt er i nærleiken av å skape like stort engasjement som E-39.

– Det fortel meg at samferdsle er utruleg viktig for alle. Særleg i distrikta så handlar det om framtidsoptimisme, at ein skal ha ein stad å bu, skape ei framtid, drive næringsverksemd og skape arbeidsplassar. Samferdsle er det aller viktigaste regionale og distriktspolitiske instrumentet vi har, og det folkelege engasjementet er beviset på det, seier Aarset.