Normal

Unik skogsmaskin i bratt terreng

Ei ny taubane skal gjere det mogleg å ta ut tømmer frå bratte område der det var vanskeleg før. Teknologi med kvisting, kapping og vinsjing av tømmer på ei mobil maskin, opnar for nye moglegheiter for Sogn og Fjordane Skogeigarlag.

Den unike skogsmaskina med taubane kan vinsje, kviste og kappe tømmer.

ALT I EIT: Den unike skogsmaskina dreg tømmerstokkar ned frå skogen. Deretter kvistar han og kappar stokkane, alt med ei maskin. (Video/redigering: Elias Engevik)

Vaierar blir spende opp, og ned den bratte skogmarka på Helgheim i Jølster kjem svære grantre som etter få sekund blir omgjort til tømmer, klar for sagbruket.

Skogsentrepenør Torbjørn Frivik viser stolt fram den nye taubanemaskina.

– Det er ei maskin som har alt. Ho har taubane og opparbeiingsaggregat og alt er montert på ei hjulgåande gravemaskin.

Maskina kan vinsje tre, kviste greinene, kappe i riktig tømmer-lengde, og ho går på hjul og er difor enkel å flytte. For ein prislapp på 3 millionar var T. Frivik Taubanedrift AS frå Høyanger først ute med maskina.

– Vi såg konseptet i Austerrike, og bestemte oss for å satse på det. Denne typen vi har er den einaste i verda, så slik sett er vi først ute med dette.

Den nye taubana skal gjere det mogeleg å ta ut tømmer frå bratte område der det var vanskeleg før. Maskina har ein vaier på 200 meter der enden blir festa i eit tre oppe i skogen.

– Fordelane med denne maskina er at vi kan rigge på plassar der det ikkje er

mogeleg med vanlege hogstmaskiner.

Skogdrift

MORO MED NY MASKIN: Torgrim Østgård og Torbjørn Frivik er fornøgd med den nye maskina.

Foto: Elias Engevik / NRK

Nyttig for Skogeigarlaget

Skogbruksleiar for Sunnfjord-regionen i Sogn og Fjordane skogeigarlag, Torgrim Østgård, såg at det var trong for ei effektiv maskin som var skreddarsydd for slike oppdrag.

– Det er mange område i Sogn og Fjordane der det er for bratt for hogstmaskin. Difor brukar vi Frivik si nye maskin, seier Østgård.

Maskina gjer også at det trengst færre arbeidarar i skogsfeltet. Berre to arbeidarar er i sving med heile arbeidet frå fellinga til tømmerstokkane er klare for sagbruket. Ein maskinførar styrer kapping, kvisting og delvis vinsjing, medan ein er oppe i hogstfeltet for å felle og feste stammane til taubana.

Litt oppstartsproblem

I Noreg er det lang historie med skogsdrift. Før var hogst først og fremst fysisk hardt arbeid. I dag er det andre kår, saga og hestane er på veg ut, og den store taubane-maskina tek over. Skogeigaren slepp til og med å felle sjølv. No organiserer Skogeigarlaget det meste.

– Vi i Skogeigarlaget stiller med utstyr. Det einaste skogeigaren treng å gjere, er å signere ein kontrakt, så tek vi over drifta.

Frivik hadde litt oppstartsproblem med maskina, første dagen dei skulle prøve den fekk dei problem med motoren. Produsentane av maskina har komme frå Austerrike og fiksa det. No håpar Frivik maskina vil gjer god nytte for seg framover.

– Det er trass alt ein prototype, og første eksemplar i verda. Litt problem blir det ofte i starten, men eg trur den vil gjere god nytte for seg.

Vegopning på Bergum i Førde kommune