– Då eg var liten tenkte eg at eg ville jobbe i barnehage, og no når eg fekk sjansen kunne eg ikkje kaste den vekk, seier Are Dale Erikstad som er i Vassenden barnehage i Jølster.
Han er ein av dei som no nyttar seg av tilbodet om å jobbe i barnehage etter skuletid.
Ei nysatsing der unge gutar kjem og leikar med borna skal lokke fleire menn inn i barnehagane.
Berre ein av ti tilsette i barnehagane i Sogn og Fjordane er menn.
(Artikkelen held fram under biletet)
Mjuke og tøffe menn
– Det blir moro å få innsikt i korleis dei jobbar i barnehagen og korleis det er å jobbe med born, seier Krister Smaadal.
Prosjektet er betalt av fylkesmannen. Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sigrid Bøyum meiner det er ei viktig satsing.
– Eg synest det er veldig positivt at ein startar tidleg og inkluderer gutar i livet i barnehagen. Ein kan ha menn som arbeider med born, ein kan ha mjuke menn og tøffe menn, på same side som ein kan ha mjuke og tøffe kvinner, seier Bøyum.
- LES OGSÅ:
Mykje meir enn barnepass
I Vassenden barnehagen håpar dei at gutane vil oppdage at det å jobbe i barnehage er balansekunst mellom alvor og leik.
– Desse gutane kan få komme inn i barnehagen og oppleve av vi driv med meir enn berre å passar på ungane, men at vi leikar i lag med dei og mykje anna, seier pedagogisk leiar, Norunn Osen.
Ungane i barnehagen seier det er kult at gutane kjem i barnehagen. Då får dei leika med nokon som dei ikkje vanlegvis leikar med.
Får lyst til å prøve
Gutane i sandkassen trur at prosjektet kan gi dei meir lyst til å jobbe i barnehagen i framtida
– Eg trur sjansen aukar betrakteleg når eg får vere med i barnehagen og sjå korleis det er og då og få betalt for å gjere noko som er moro, så er det berre tipp topp, seier Krister Smaadal.
- LES OGSÅ: