Hopp til innhold

Ungdomsleiar: – Kjekt å bli lytta til

Ungdomen rosar fylkespolitikarane for vedtaket om å skjerme miljøkoordinatorane i skulen.

Glad for å bli høyrt

VART HØYRT: Leiar i ungdomspolitisk utval, Sofie Sundberg, seier dette er ei sak dei har kjempa hardt for. Her på talarstolen under fylkestinget for ungdom i mars.

Foto: Privat

Sofie Sundberg, leiar i ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, seier skjerming av miljøkoordinatorane er ei sak fylkestinget for ungdom har kjempa hardt for.

– Det er veldig kjekt for oss ungdomspolitikarar, som ofte kan føle at vi ikkje blir høyrt, at dei har faktisk har høyrt på oss i ei så viktig sak, seier ho.

Har sjølv opplevd behovet

Etter at ho byrja på vidaregåande i haust, har ho sjølv opplevd kor viktig det er å ha ein miljøkoordinator på skulen. Som fersk elev kan det vere vanskeleg å plutseleg ha åtte forskjellige lærarar å forhalde seg til.

– På ungdomsskulen hadde vi éin lærar i halvparten av timane, som verkeleg kjente oss. Det blir sakna på vidaregåande og då treng vi ein miljøkoordinator for å skape trivselen og det sosiale miljøet i skulen, som lærarane på vidaregåande ikkje har høve til, seier ho.

Venstre sin ungdomskandidat, Daniel Gangeskar, rosar politikarane for å høyre på ungdomen i tøffe økonomiske tider.

Daniel Gangeskar

ROS: Daniel Gangeskar, Venstre sin ungdomskandidat, meiner politikarane fortener ros for å skjerme eit tilbod som ikkje er lovpålagt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er utruleg flott at dei vel å skjerme eit tilbod som ikkje er lovpålagt. Det enklaste for politikarane hadde vore å kutte det, seier han.

Ikkje lovpålagt

Fylkeskommunen må spare 224 millionar kroner fram til 2019. Heile 88 av desse kjem innan opplæring. Likevel meiner Gangeskar det ville vore utilgjeveleg å fjerna miljøkoordinatorane.

– Det er sjølvsagt store summar. Men då må vi sjå på kva vi kan gjere for dekke inn desse store summane. Vi må ikkje berre kutte mange små trådar og så må vi likevel gjere store tak seinare, seier han.

Han meiner miljøkoordinatorane spelar ei avgjerande rolle, spesielt mot mobbing, for å hjelpe hybelbuarane og for å skape eit godt miljø på skulen.

– Det er gledeleg at hovudutvalet for opplæring prioriterer noko som ikkje kan vegast opp i kroner og øre eller ein karakterskala, men som likevel har mykje å seie for korleis ungdom trivast på skulen. Og vi veit at trivsel har mykje å seie for korleis elevane presterer, seier han.