Hopp til innhold

Ungdomen fekk viljen sin

LEIKANGER (NRK): Det var stor spenning knytt til korleis hovudutval for opplæring i fylkeskommunen ville gå inn for å fordele vidaregåande klassar rundt om i fylket i dag, og fleire spente ungdomar hadde reist langt for å få med seg møtet.

Ungdom frå Eid i hovudutval for opplæring

NØGDE MEDIEELEVAR: Sara Lysgård og Eirik Sundsøy går på media og kommunikasjon i Sogndal, og hadde teke turen inn til Leikanger i dag for å fortelje politikarane at dei burde halde fram med ei medieklasse i Sogndal. ungdomane fekk viljen sin.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er ingen av dei som går i vår klasse som har lyst til å flytte til Førde, sa Sara Lysgård kort tid før politikarane skulle ta avgjerda si.

Å flytte til Førde og byrje på andreåret der ville nemleg vore alternativet for medieelevar på Sogndal Vidaregåande dersom politikarane hadde gått inn for å gjere slik administrasjonen ville: å ikkje opprette noko klasse for andreåret på media og kommunikasjon i Sogndal til hausten.

Det gjekk ikkje politikarane med på, dei gjekk samrøystes inn for å likevel opprette ein andreklasse i Sogndal.

– Eg er veldig letta og glad, og eg trur alle dei andre i klassen kjem til å vere det same når dei får høyre resultatet, seier Lysgård.

Ungdommar på møte i hovudutval for opplæring

STORT ENGASJEMENT: Fleire ungdommar hadde møtt opp på møtet i hovudutval for opplæring for å følgje med på politikarane, og for å seie meininga si.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eit viktig fagmiljø

Fleire av politikarane i opplæringsutvalet skrytte av medielinja i Sogndal under møtet, og streka under kor viktig det er at ein ikkje gir slepp på ho.

– Det er den einaste kreative linja vi har i Sogndal, og dei har eit veldig positivt samarbeid med det lokale næringslivet og med ulike mediebedrifter. Det er eit fagmiljø i positiv utvikling, sa Senea Sabanovic frå Arbeidarpartiet under møtet.

Sikra linje som står sterkt i næringslivet

Det var Arbeidarpartiet, Senterpartiet og KrF som foreslo å likevel oppretta ein medieklasse i Sogndal, og dei fekk med seg alle dei andre partia. Det var også dei tre partia som stod bak endringsforslaget om å halde fram ei klasse i data og elektronikk på Eid.

Alfred Bjørlo og Sone Øvre-Flo

VART SAMDE: Alfred Bjørlo (V), Sonja Øvre-Flo (H) og dei andre politikarane vart samde om korleis dei skulle fordele skuleklassane i fylket til hausten.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Elektronæringa i Nordfjord er ei næring i vekst, og med veldig lyse framtidsutsikter. Det vil sende eit feil signal om vi no kuttar i det skulefaget som dei rekrutterer lærlingar frå, sa Eid-Ordførar Alfred Bjørlo.

Og Bjørlo fekk også viljen sin. Sjølv om berre sju elevar har søkt seg til linja på Eid vidaregåande, var fylkespolitikarane samde med Bjørlo i at det var viktig å halde fram med tilbodet.

Braut med retningslinjene

I utgangspunktet er det slik at ei yrkesfaglinje må ha 8 søkjarar for å bli oppretta, medan 20 stykk lyt søkje på eit studiespesialiserande fag for at ein skal opprette ein klasse.

Både media og kommunikasjon i Sogndal, og data og elektronikk på Eid hadde færre søkjarar enn dette. Fylkespolitikarane hadde likevel eit handlingsrom ved at dei hadde midlar tilgjengeleg til å opprette to klassar utover desse retningslinjene.

Eidarar på Leikanger

NØGDE EIDARAR: Desse eidarane hadde teke turen heilt til Leikanger i dag for å presse politikarane til å ikkje kutte i studietilbodet på Eid.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ole Martini er leiar i fylkestinget for ungdom, og hadde teke turen frå Eid for å vere med på møtet i opplæringsutvalet i dag. Han var glad for at politikarane nytta handlingsrommet sitt.

– Vi hadde eit mål om å få skjerma Eid vidaregåande for kutt, og det har vi stort sett klart. Særleg viktig er det at data og elektronikk får halde fram som eiga line, seier Martini.