Hopp til innhold

Ungdomar stadfestar å stå bak brann

Nokre ungdomar i Sogndal har tilstått å stå bak ein av brannane på Sogningen den siste tida.

Brann Amfi Sogningen

BRANN: Tre gonger siste tida har nokon prøvd å setje fyr på ting i garasjeanlegget på Amfi Sogningen. No er truleg ein av brannane oppklara.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Vi hadde fleire personar inne til avhøyr i går, og dei flest innrømmer å ha vore med på det som skjedde måndag kveld. Dei nektar å ha noko med dei tidlegare eldspåsetjingane å gjere, seier Norvald Ylvisåker, fungerande lensmann i Sogndal.

Tre gonger dei siste to vekene har nokon prøvd å sette fyr på kjøpesenteret Amfi Sogningen i Sogndal. Senterleiar Wilhelm Tangerud var glad for at det ikkje gjekk gale tidlegare denne veka.

Noravld Ylvisåker

LENSMANN: Norvald Ylvisåker held framleis på med etterforsking av brannane ved Amfi Sogningen i Sogndal.

Foto: NRK

– Det kunne ha gått mykje verre om ikkje brannvaktene på senteret hadde gjort ein rask og god sløkkejobb. Så dette ser vi på som svært alvorlege hendingar, sa han til NRK tidlegare denne veka.

Skal granske saka vidare

Av omsyn til etterforskinga som framleis held på, vil ikkje Ylvisåker seie noko om kor mange som har vore inne til avhøyr og som har stadfesta å vere med.

– Dei har forklart at det var eksperimentering. Dei ville tenne på ein energidrikkboks, utan å tenkje på konsekvensane. Dei har sagt at det ikkje var meininga at det skulle ta noko vidare fyr, seier Ylvisåker.

Dei som står bak skal vere i midten av tenåra og nokre år eldre.

Saka er framleis under etterforsking, og det kan vere aktuelt med fleire avhøyr og åstadsgransking. Han vil heller ikkje seie om det var ungdomane sjølve som melde seg, eller om det var etterforskinga som førte til oppklaring.

– Vi jobbar vidare for å finne ut om det er samanheng også med dei to føregåande branntilløpa. Dei seier dei ikkje har noko med det å gjere, men vi har no ikkje haldepunkt for verken det eine eller andre, seier Ylvisåker.