Hopp til innhold

Ung og vaksen sjarmerer med «Løvenes konge»

VIK (NRK): Den yngste er 7 år - den eldste 80: Saman har dei skapt ei afrikansk-inspirert danse- og songframsyning som trekkjer fulle hus i Vik.

Eirin Berdal, Rebekka Midlang Harbakk, Edvin Skjerven og Kristina Feidje

NESTEN 60 ÅRS ALDERSSKILNAD: – Dei vaksne seier mange fine ting til oss, som at «du er kjempeflink til å syngja og opptre», fortel Eirin Berdal (t.v.), saman med Rebekka Midlang Harbakk, Edvin Skjerven og Kristina Feidje.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg får ei god kribling inni meg. Eg får dansa mykje og møta nye folk. Og det er veldig gøy å syngja.

Eirin Berdal har nettopp teke i mot applausen i eit fullsett Blixhalli under Norsk bringebærfestival i Vik.

11-åringen og åtti andre songarar, dansarar og korpsmusikarar har nettopp framført «Jambo» - ei afrikansk-inspirert danse- og songframsyning, basert mellom anna på filmen «Løvenes konge».

Seier fine ting

Dei 200 i salen kan verkeleg sjå at Eirin har det kjekt, der ho – som løveungen Simba – syng, dansar og spelar skodespel i gul løvedrakt og med ein buskete hale mellom føtene.

Jambo-framsyning i Vik

HAKUNA MATATA: Eirin Berdal (midten) og dei andre ungane har spelt for to fulle hus, fyrst på Gamalostfestivalen i vår, og her på Norsk bringebærfestival søndag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Og bak henne og dei andre fargerike ungane frå Vik kulturskule, Fresvik skulekorps, Vik skulekorps og Feios skule- og ungdomskorps, står 16 vaksne koristar - syngjande, svaiande og dansande i oransje, lilla og grøne t-skjorter.

Dei likar Eirin godt å ha med:

– Det er gøy uansett kva slags alder dei har.

– Kva seier dei til dykk?

– Mange fine ting, som «du er kjempeflink til å syngja og opptre».

– Korleis er det å høyra det?

– Du blir veldig glad.

Sissel og Jofrid Ulvestad

SISSEL OG FARMOR: – Det er fantastisk fint å sjå at ho kosar seg, seier farmor Jofrid Ulvestad, som står på den same scena som barnebarnet Sissel Ulvestad (7).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sissel og farmor

Sissel Ulvestad (7) har éi i koret ho er spesielt glad i – farmora Jofrid Ulvestad.

Medan Sissel dansar over scena i ei påfugldrakt i gult, blått og raudt, syng farmora i ei oransje t-skjorte medan mamma spelar i korpset og pappa og veslebror sit blant publikum og ser på.

– Det er gøy når alle klappar og er glade. Og det er gøy, fordi farmor, mamma, pappa og veslebror er med på «Jambo».

– Fleire i koret er like mange år som farmor. Korleis er det?

– Det er litt «løge» at nokon er mykje eldre enn meg og syng saman med meg.

Vik songlag

VIK SONGLAG: Ikkje nett slik ein plar sjå eit nesten 150 år gamalt blandakor.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

At så mange aldersgrupper er saman om ei framsyninga, skattar Jofrid Ulvestad høgt:

– Det gjer noko med oss. Me får meir inspirasjon og får lyst å vera med.

Bitt bygdene saman

– Me har berre sunge litt på engelsk før, så me prøver å heva oss og hengja med dei unge, humrar Edvin Skjerven, ein av dei med lang fartstid i Vik songlag.

– Det er Beth (Ramfjord, dirigenten) som har lokka oss ut på dette, og no tykkjer me det er eit løft for oss.

Beth Ramfjord

FÅTT VAKSNE KORISTAR TIL Å DANSA: - Eg har nok teke dei langt ut av komfortsona. Men no er dette blitt den mest naturlege tingen i verda, så hoftevrikkinga sit inni der ein stad, ler kulturskulerektor Beth Ramfjord, eldsjela bak framsyninga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skjerven er imponert over ungane. Det er òg noko anna han set stor pris på:

– Det er at dei som er med, kjem frå alle anneksa våre (Arnafjorden, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik). Det bitt oss saman.

Femner om alle

Primus motor bak «Jambo» er den nye kulturskulerektoren i Vik, Beth Ramfjord:

– Då eg flytta heim att, tenkte eg at det måtte vera mogleg å setja i hop noko som femner om alle. Og her er alle med, og i alle aldrar. Nettopp det kan vera vanskeleg å få til i byen, så bygdelivet har nokre fordelar.

– Kva skjer når unge og vaksne kjem saman på denne måten?

– Dei gløymer den rolla dei er i i kvardagen. Dei blir frie og kosar seg med musikk og dans – saman.