NRK Meny
Normal

Under dette snøraset sat Eirik fanga i hjullastaren

Det digre snøskredet dekte den tre meter høge hjullastaren og brøytesjåfør Eirik Stadheim på Vikafjellet søndag. Men vikjen fekk ikkje panikk av den grunn.

Saman med ein kollega var han ved Skjelingavatnet då snømassane tok laust.

– Kva som skjedde, er ikkje så godt å seie. Plutseleg såg eg at det losna øvst på brøytekanten. Brått fylte det seg opp med snø rundt meg, seier Stadheim.

Det var Sogn Avis som først fortalde om saka.

Frå inne i hjullastaren kunne ikkje Stadheim gjere anna enn å sjå på at det digre køyretøyet vart pakka inn i tonnevis av snø.

– Til slutt vart det heilt svart. Eg såg ikkje ut i nokon retning. Eg rakk ikkje tenkje så mykje, for alt skjedde så fort. Eg rakk ikkje ein gong å bli redd, seier Stadheim.

Med 30 centimeter meir, hadde han sete fast

Han klarte til slutt å komme seg ut gjennom eit lite vindauge som det gjekk an å opne, og etter mykje graving kom han seg ut.

Køyretøyet derimot, står framleis godt fast på Vikafjellet.

– Hjullastaren var fullstendig nedgraven av snø. Hadde det vore 30–40 centimeter til med snø, hadde eg ikkje klart å komme meg ut sjølv, seier Stadheim.

Hjullastaren er vel tre meter høg, og på taket av denne var det vel ein meter med snø etter at raset hadde gått.

Brøytebilsjåførane jobbar alltid to og to i lag, og passar på å ikkje vere for langt frå kvarandre.

– Vi har radiosamband i alle maskiner, så eg varsla kollegaen min med ein gong om at eg var teken av ras, seier Stadheim.

Rekordstore snømengder på kort tid har stengt Vikafjellet for all trafikk i over ti dagar. Brøytemannskapa jobbar natt og dag for å pløye seg gjennom meter på meter med snø.

Kan ikkje gå rundt og vere redd

Dramatikken til trass rakk ikkje brøytesjåføren å bli redd.

– Heldigvis heldt rutene, og eg sat trygt inne i hjullastaren. Det er først etterpå at ein tenkjer på kva som kunne skjedd, seier Stadheim.

Han har ikkje teke skrekken av episoden søndag, og har allereie vore på fjellet for å brøyte.

– Ein må berre halde på vidare. Skal ein tenkje på alt som er farleg, så får ein ikkje gjort anna. Det er mykje som er farleg der ute. Og ras kan komme når som helst når vi driv på, seier Stadheim.