Hopp til innhold

Ulvatn trekkjer seg etter mobbesak

Magne Ulvatn trekkjer seg som leiar i Fellesforbundet avdeling 19. Det er klart etter at den mykje omtala mobbesaka enda i forlik.

Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn møttest i retten

FORLIK: Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn har komme fram til eit forlik i mobbesaka i Fellesforbundet avdeling 19.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Avtalen vart signert i dag og innebar at både Magne Ulvatn og organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig sluttar i avdelinga.

Det er også klart at den tidlegare organisasjonsarbeidaren i avdelinga, Jarle Kirketeig, blir tildelt eit større erstatningsbeløp som dekkjer oppreisningsbeløpet, inntektstap, sluttpakke og erstatning for framtidig inntektstap.

Advokat Thomas Jarning

NØGD: Advokat Thomas Jarning.

Foto: Bård Siem / NRK

– Saka har no fått si ende. Kirketeig sluttar frivillig, og Ulvatn fråtrer sitt verv, stadfester Kirketeig sin advokat, Thomas Jarning.

– Bra for alle partar

Avdeling 19 sin advokat, Kari Andersen, seier utfallet er bra for alle partar. Utover det ynskjer ho ikkje å kommentere saka.

Ho har også snakka med Magne Ulvatn, som ikkje ynskjer å kommentere saka i dag.

– Saka vil vere endeleg avslutta med dette forliket, konstaterer Jarning.

– Marerittet er over

Saka har rulla i snart to år etter at Kirketeig stod fram og fortalte om det han opplevde som mobbing og trakassering frå Ulvatn. Fleire personar tilknytt avdelinga stod fram og fortalte om det same.

Organisasjonsarbeidaren fekk sparken, men vann i Fjordane tingrett fram med søksmål mot Fellesforbundet avdeling 19 for ugyldig oppsegling. Etter forliket i dag er det endeleg klart at avdelinga trekkjer den varsla anken.

– Eg kan ikkje skildre det på annan måte, enn at eg har levd i eit mareritt. No er det komen til ein ende, seier Kirketeig som så det som avgjerande at Ulvatn trekkjer seg som leiar.

Har sagt siste ord

– Det gjer det mykje lettare for eit vonleg nytt styre å få ordna ting, å få drive avdelinga på skikkeleg vis. I staden for anke, så blir det eit forlik, legg Kirketeig til.

– Det har vore veldig støy i saka. Trur du siste ord er sagt?

– For min del er det det. Eg håpar å gå tilbake til eit helt normalt liv og eg må framleis seie at eg håpar å bli frisk. Eg har vore langt nede. Men det skal bli godt å ikkje sjå meg sjølv i media.

Unngår konkurs

Jarning seier han ikkje fryktar at lagmannsretten ville komme til ein annan konklusjon enn tingretten om den vart anka, men seier eit moment i forliket er at avdelinga er i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Mobbesaka kosta Fellesforbundet avdeling 19 1,4 millionar kroner. Ei ankesak ville truleg kosta tilsvarande.

– Men då hadde avdelinga vore konkurs. Dei hadde ikkje hatt noko vidare liv her i Sogn og Fjordane, og det hadde blitt ganske katastrofalt for medlemmene også, seier Kirketeig.

Framleis tru på fagrørsla

Medan advokaten vurderer Kirketeig som den vinnande part i saka, meiner organisasjonsarbeidaren at han ikkje går frå saka som ein tapar.

– Eg har vore utsett for dette, men er likevel medlem. Eg kjem ikkje til å melde meg ut, eg trur framleis på fagrørsla. Dei som er organiserte, og melder seg ut på grunn av dette, så gir dei på ein måte berre opp. Er ein misnøgd med noko i ein organisasjon, så må ein påverke som medlem. Ellers blir det feil styrt, avsluttar Kirketeig.