Hopp til innhold

Ulukkeshelg i Sogn og Fjordane

Ingen er meldt omkomen, og ingen er meldt alvorleg skada. Men det har vore ei rekkje ulukker i Sogn og Fjordane denne helga der folk har enda på sjukehus eller på legevakta.

Bilulukke Fureneset fylkesveg 55

BILULYKKE FURENESET: Mellom Balestrand og Høyanger på fylkesveg 55 skjedde ei bilulykke der to bilar og tre personar var involvert.

Foto: Tipsar

Fredag i 12:30-tida vart ein motorsyklist lettare skadd i eit trafikkuhell på E39 i Gloppen. Motorsykkelen velta ved Eide mellom Sandane og Breimsvatnet. Ingen andre køyretøy var innblanda i uhellet.

Fredag ettermiddag meldte operasjonsentralen til poliltiet om heile tre trafikkulukker på ein god halvtime.

Klokka 16.44 det meldt om ei kvinne som vart skadd i ei sykkelulukke ved Berekvam i Flåmsdalen. Ho sykla Rallarvegen då ho velta. Kvinna klaga på smerter i hovudet til naudetatane som kom fram.

Klokka 17.14 fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Briksdalen, der ein bil sperra vegen.

Laster Twitter-innhold

Klokka 17.15 fekk ein mann i 80-åra kutt i hovudet då bilen hans køyrde av vegen på fylkesveg 615 ved Holme i Hyen. Han vart sendt til legevakta i Førde.

Fredag kveld måtte også brannvernet ut i aksjone fleire stadar i fylket.

Klokka 20.30 fekk politiet melding om røykutvikling i ein einebustad på Hjelmeland i Eid. Ingen personskade.

Det var det heller ikkje då Lærdal brann og redning måtte rykke ut til Strendene etter melding om brann i einebustad. Bebuarane skal ha slokt brannen sjølv, og ei vifte på badet skal ha vore årsaka. Tre personar var i huset då brannen starta. Dei vart køyrt til Lærdal sjukehus for sjekk.

Laster Twitter-innhold

Laurdag heldt fram i samme leia

Klokka 14.29 fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Stryn. På riksveg 15 hadde ei kvinne i 20-åra køyrd av vegen. Ingen personskade, men ho vart likevel sendt til sjekk hjå lege.

Klokka 16.31 meldte politiet om at ein fem år gamal gut i Florø sykla inn i ein bil i eit gangfelt i Strandgata. Guten vart undersøkt av ambulansepersonell, og var uskadd.

Søndag small det igjen.

Ved Fureneset på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger small to bilar i hop.

Politiet meldte på Twitter kl. 15.04 at tre personar var innblanda i ulukka. Ein person vart sendt med luftambulanse til Førde, to med ambulanse til legevakt.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold