Hopp til innhold

Ulik oppkøyring, men med same mål

Bø-brørne har hatt ulik oppkøyring til årets sesong, men begge håpar å ta gull under VM på heimebane neste år.

Johannes og Tarjei Bø

GLER SEG TIL VM: Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gler seg til mars, då det er VM i skiskyting i Holmenkollen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg har halde meg frisk og hatt ei veldig bra oppkøyring til årets sesong. Eg har trent mykje og kjenner at eg er der eg skal vere, fortel Tarjei Bø.

Under Blinkfestivalen i Sandnes vann Bø skiskyttarfinalen på rulleski i duell med Martin Fourcade. To dagar tidlegare kom han på fjerdeplass i motbakkeløpet Lysebotn Opp.

Trur heimebane blir x-faktor

I mars neste år blir verdsmeisterskapen i skiskyting arrangert i Holmenkollen i Oslo. Bø trur det at ein er på heimebane vil vere ein x-faktor.

– Eg trur vi kjem til å glede oss ekstra, men samstundes kanskje vere meir nervøse sidan det står meir på spel. Vi får håpet presset og trykket fører til at vi presterer enno betre, seier Bø.

Sesongen 14/15 var prega av sjukdom for Tarjei Bø, men no er han klar for å gå det meste av konkurransar før verdsmeisterskapen på heimebane.

– Siste månaden før VM står open. Det har med at eg må sjå korleis konkurransane går tidlegare i sesongen, så eg må ta det litt undervegs, fortel han.

Trøblete oppkøyring

Oppkøyringa har ikkje gått like knirkefritt for Johannes Thingnes Bø, men han er ikkje uroa for at dette har påverka førebuingane til VM-sesongen.

– Det har ikkje vore ei optimal oppkøyring. Eg har farta mykje rundt og ikkje fått slått meg heilt til ro, men om i overkant av ein månad då er eg nok klar for å ta gull i Kollen, seier han.

Thingnes Bø trur sesongen fram mot VM kjem til å gå raskt, og han er ikkje i tvil om kva som er målet.

– Det er mange samlingar framover, så sesongstart kjem raskt. Konkurransane går fort og plutseleg er vi i Kollen. Målsetjinga må sjølvsagt vere å få gullmedaljen hengt rundt halsen i Oslo sentrum. Det hadde vore utruleg kult, fortel Thingnes Bø, som denne helga har henta inspirasjon frå unge tilhengarar i Stryn.