Hopp til innhold

Bø knuste langrennsstjernene

Skiskyttar Tarjei Bø slo alle dei norske langrennsstjernene i motbakkeløpet Lysebotn Opp i ettermiddag.

Tarjei Bø

I SOMMARFORM: Tarjei Bø, her etter bronsen på 15 kilometer fellesstart under VM i skiskyting i Kontiolahti i vinter, er i god form i sesongoppkøyringa føre VM på heimebane.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg har sett opp til langrennsløparane og kapasiteten deira, derfor er det litt tøft å slå dei. Det er første gang eg slår langrennsgutane, og det er litt artig. Det ligg litt prestisje der, seier Bø til NRK.

Han enda på fjerdeplass. Men viktigare, og eit teikn på at forma er god: Han vann over dei norske langrennsløparane, og slo Sjur Røthe på plassen bak seg med tjue sekund.

Verdscupvinnaren i langrenn frå i fjor, Martin Johnsrud Sundby var 40 sekund bak stryningen, til trass for at bronsegrossisten frå VM i fjor ikkje gjekk for fullt det siste stykket opp.

– Det var vanskeleg å mobilisere mot slutten. Det var ingen å spurte mot, så då var det berre å gli inn og spare nokre krefter til skiskytinga i morgon, seier Bø til NTB.

Endeleg problemfri oppkøyring

Bø har dei siste åra hatt fleire sesongoppkøyringar og sesongar der sjukdom har plaga og hindra han. Slik har det ikkje vore i år.

– Eg har omsider hatt ei problemfri oppkøyring, eg har nemleg verken vore skada eller sjuk så langt. Derfor har eg kunna trent akkurat det som har vore planlagt, forklarar han til Aftenposten.

Han seier til avisa at han har jobba mykje med motbakketeknikken denne sommaren. Dermed skulle dei sju kilometrane rett opp til toppen, som tok han 28 minutt og 50 sekund, passe han godt.

– Dette løpet er tungt uansett. Du må tenke berre eitt og eitt stavtak, bite tennene saman og sjå på nærmaste rygg, seier han til NRK.

Gler seg til vinteren

No meiner Bø at han er godt i rute til VM på heimebane i Holmenkollen i mars neste år. Men tidlegare sjukdomsperiodar gjer at han vil vere medviten på signal frå kroppen i treningsarbeidet framover.

– Det kan jo skje mykje på det halvåret som gjenstår til det arrangementet. No er det viktig å lytte skikkeleg til kroppen, slik at eg ikkje går på nokon smell før den tid, seier Bø til Aftenposten.