Hopp til innhold

Han er uroa over at over 5000 asylsøkjarar med endeleg avslag bur i mottaka

Utlendingsdirektoratet - UDI - er uroa over at svært mange av bebuarane på norske asylmottak eigentleg skulle vore frakta ut av landet.

Frode Forfang

- ALVORLEG SITUASJON: Direktør Frode Forfang i UDI.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Meir enn 5000 asylsøkarar bur i mottaka, sjølv om dei veit at dei har fått endeleg avslag og beskjed om å reise ut av landet. Direktør Frode Forfang i UDI seier dette gir grunn til uro.

– Det er ein ganske alvorleg situasjon at faktisk nesten kvar tredje som bur i asylmottaka er personar som har fått ferdighandsama saka si og er klare for å reise ut av landet.

Justisminister Anders Anundsen

- MÅ GÅ FORTARE: Justisminister Anders Anundsen.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Anundsen: Det må gå fortare

I går måtte Forfang svare på kvifor asylsøkjaren som er sikta for trippeldrapet på Valdresekspressen var i Årdal i staden for å ha blitt send til Spania, som hadde ansvaret for å handsame asylsøknaden hans.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) sa han meiner det må gå fortare å få dei som har fått avslag ut av landet.

Fungerende avdelingsdirektør i politidirektoratet, Kristin Kvigne

- HELD TEMPOET: Sjef for Politiets Utlendingseining, Kristin Ottesen Kvigne.

Foto: Politidirektoratet

– Vi har ei stor mengde tidlegare asylsøkjarar som sit på mottak og ventar på uttransportering. Vi burde ha fått mange av dei raskare uttransporterte.

Kunne vore send ut i august

Det er Politiets Utlendingseining - PU - som skal transportere ut asylsøkjarar som har fått endeleg avslag. 30-åringen frå Sør-Sudan kom til Norge i april. I slutten av juli var det ingen hindringar att for at han kunne sendast til Spania der han først søkte asyl.

Tek ikkje sjølvkritikk

I staden vart 30-åringen send til det nyoppretta Årdal mottakssenter. I går var dagen då politiet skulle sende han ut av landet. Kristin Ottesen Kvigne er sjef for PU, og ho tek ikkje sjølvkritikk for at det ikkje skjedde før.

– Eg meiner vi held det tempoet som vi har forplikta oss til i forhold til våre løyvande styremakter, og vel så det.