Asylsøkjaren frå Sør-Sudan gjekk til angrep og drap bussjåføren og dei to andre passasjerane på bussen, då den i går ettermiddag var på veg frå Årdalstangen til Oslo.
Opplysningar VG.no har henta inn går på at mannen skulle sendast ut av landet i dag. Han skulle ifølgje nettavisa fly åleine utan vakthald til Oslo, før han skulle transporterast vidare ut av landet.
UDI stadfestar overfor NRK at mannen har fått avslag på asylsøknaden.
Vil ikkje uttale seg om saka
NRK har vore i kontakt med regionsjef i Hero, region vest, indre øst og sør, Bente L. Dalåker. Ho vil ikkje stadfeste opplysningane som VG kjem med.
– Dette kan eg ikkje uttale meg om på noverande tidspunkt, seier Dalåker.
Heller ikkje UDI vil stadfeste opplysningane om den sikta mannen.
– Vi har ikkje anna å seie enn at mannen er 31 år, kjem frå Sør-Sudan, og er ein asylsøkjar busett i Årdal, seier pressekontakten.
– Men stemmer det at mannen skulle sendast ut av Norge i dag?
– Eg kan ikkje seie anna enn det eg har sagt, seier pressekontakten.
– Kvifor ikkje?
– Vi kan ikkje uttale oss om einskildsaker. Det har med personvernet å gjere, seier pressekontakten i UDI.
Vart pågripen av brannmenn
Mottaket i Årdal vart opna i august i år, og har om lag 150 plassar. Mottakssenteret er eit såkalla desentralisert asylmottak, noko som betyr at asylsøkjarane bur i vanlege husvære rundt om i Årdal.
Det er førebels uklart kor lenge den drapssikta mannen har vore på mottaket.
Mannen vart måndag kveld pågripen av brannvesen og ambulansepersonell utanfor bussen, før han vart send til Haukeland universitetssjukehus med politieskorte.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Regionsjef Bente Dalåker i asylmottaksselskapet Hero stadfesta tysdag morgon at mannen i 30-åra som er sikta for trippeldrapet i Årdal måndag kveld er asylsøkjar.