Hopp til innhold

Ønskjer politiske innspel via Instagram

Eid kommune skal ty til Instagram og Youtube for å ønskje nyinnflyttarar velkomne og skape meir politisk engasjement blant dei unge.

Montasje - Eid - Sosiale Medium
Foto: Asgeir Reksnes/youtube.com/instagram.com / NRK

I kveld er det duka for det femte påsketreffet i Opera Nordfjord. Der skal nordfjordkommunane samlast for å møte ungdom som anten bur i fylket, eller som tenkjer tanken om å flytte attende til distriktet. Eid kommune nyttar høvet til å lansere sine nye satsingar på sosiale medium.

LES OGSÅ: Berre tre av 26 ordførarar på twitter

Eigen hashtag

– Det er ein kampanje for å setje Eid meir på kartet. Me har gode kulturarrangement, ein fantastisk natur og eit flott næringsliv som me vil løfte meir fram. Det er viktig å vere meir synleg på sosiale medium for å nå fleire enn det ein gjer med meir tradisjonelle måtar, seier ordføraren.

Nordfjordkommunen vil opprette ein eigen hashtag for Eid sentrum. Ved å bruke #eidsentrum vil nordfjordingane kunne kome med innspel til den nye sentrumsanalysen som kommunen no skal gjennomføre.

– Me lagar ein eigen hashtag på Instagram, der du kan legge inn bilete av det du er glad i Eid sentrum. Me har køyrt ei tradisjonell høyring av planen, så ein kan seie at instagrambileta kjem i tillegg til den ordinære prosessen, forklarer venstreordføraren.

Youtube og velkomstpakke

Ein Youtube-video ved namn «Eid inviterer» vil også bli lansert i løpet av kvelden, der kommunen freistar å syne fram det gode dei har å by på.

  • Sjå videoen her

Bjørlo meiner det er viktig for kommunen å vere til stades på sosiale medium, og han håper at han på denne måten kan nå fleire unge menneske. I løpet av påsketreffet i Opera Nordfjord vil Eid kommune også lansere ein velkomstpakke som skal gis til alle tilflyttarar.

– Der vil dei kunne få mykje informasjon om Eid. Til dømes har Harpefossen skisenter lova å stille med gratis køyring til alle tilflyttarar, og me håper også å få andre fleire bedrifter til å tilby ulike ting, og dermed gje nyinnflyttarar ein pangstart på opphaldet, seier Bjørlo.

Det er Nordfjord Vekst som arrangerer Påsketreffet på vegner av medlemsorganisasjonane. Det er venta rundt 400 menneske til påsketreffet.