Hopp til innhold

Berre tre av 26 ordførarar på twitter

Twitter-ordførar meiner fleire politikarar bør vere tilgjengelege på nett, medan dei fleste nye ordførarar i fylket held seg på trygg avstand frå sosiale medium.

Alfred Bjørlo og Olve Grotle har forskjellege meiningar om sosiale medier

NYVALDE ORDFØRARAR: Alfred Bjørlo (t.v) er aktiv på twitter, medan Olve Grotle ikkje har facebook-profil.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Å ikkje vere på sosiale medium fordi ein er redd for å dumme seg ut, er det same som å ikkje lærekøyre fordi ein ikkje kan å køyre bil frå før, meiner Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo på twitter

Alfred Bjørlo er aktiv på twitter.

Foto: Skjermdump

Bjørlo er påtroppande ordførar i Eid kommune og er aktiv brukar av twitter og Facebook. Han meiner fleire lokalpolitikarar bør gjere som han.

– Frykt for å dumme seg ut er ikkje gyldig grunn for å ikkje vere tilgjengeleg for folket, meiner han.

– Det er likevel viktig å ikkje erstatte ansikt til ansikt-kommunikasjon med sosiale medium, det må brukast som eit supplement, seier Bjørlo.

Like "skummelt" å vere på puben

Etter det NRK har funne ut, er berre tre av 26 av dei påtroppande ordførarane i Sogn og Fjordane aktive på twitter.

Den lave interessa for å drive politisk arbeid på sosiale medium, kan etter det NRK kjenner til, skuldast mellom anna ei frykt for å dumme seg ut.

– Der fins ein fare for å dumme seg ut når ein er politikar på sosiale medium.

– Men den faren fins også i andre sosiale samanhengar, til dømes på puben eller ved gjerdet til naboen, konstaterer twitter-entusiasten Bjørlo.

Følg Twitter-ordførarane her:

– Har ein så dårleg dømmekraft at ein ikkje vil vere på sosiale medium av frykt for å dumme seg ut, har ein kanskje problem på andre område også, seier Alfred Bjørlo.

– Ein når ut til eit heilt nytt publikum, kan gjere avtalar på minuttet, og det er ein effektiv måte å halde seg oppdatert på det politiske miljøet, fortel Bjørlo.

Dette intervjuet blei avtalt på twitter. På biletet ser du korrespondansen mellom journalist og politikar:

Intervjuavtale på Twitter 2011
Foto: Skjermdump

Olve Grotle

Ordførar Olve Grotle er ikkje på facebook, men opnar for å endre synet sitt.

Foto: Susanne Egset / NRK

Har ikkje eingong Facebook-profil

Ein av dei som enno ikkje har tatt steget ut i den sosiale medieverda er Olve Grotle.

Han er påtroppande ordførar i Førde kommune, og har ikkje eingong oppretta Facebook-profil.

– Ved å ikkje vere på Facebook kan eg bruke tida mi på andre ting, seier Grotle.

– Eg har ein mistanke om at folk brukar altfor mykje tid på sosiale medium, i tillegg er eg skeptisk fordi det hadde blitt ein ny plattform å halde styr på, seier han, men legg til at han er klar over moglegheitene det kan gi.

–Eg veit jo at det kan vere ein god måte å kommunisere med folk på, men eg har ikkje hatt behov for det til no.

Saka held fram under avstemminga

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tradisjonelt fungerer

Grotle meiner at den gode, gammaldagse ansikt-til-ansikt-måten er minst like effektivt som å vere på nett, og at ordførarsigeren er eit teikn på at det fungerer.

– I valkampen har eg vore i kontakt med folk på tradisjonelle måtar, men vi har ei partiside på Facebook så vi er ikkje heilt utanfor, fortel Grotle.

Olve Grotle er open for å opprette facebook-profil

Ordføraren i Førde vil ikkje utlevere privatlivet sitt på nett

Foto: Susanne Egset / NRK

– Eg administrerer ikkje den sjølv, men slik er vi til stades på den måten, samtidig som eg skyggar banen reint privat, seier han.

Føler ikkje du at du går glipp av noko når du ikkje er på Facebook eller twitter?

– Nei. Som ordførar må eg kanskje revurdere synet mitt, til dømes for å nå betre ut til ungdomen. Men eg har ikkje interesse av å utlevere privatlivet mitt, det er viktig å skilje mellom den offentlege og private rolla i slik samanheng, seier han.

– Og skal eg fortelje deg ei hemmelegheit? Ein kan kome i kontakt med folk utan å vere på Facebook!

Får støtte frå mediekyndig
Arild Nybø

Arild Nybø meiner politikarar ikkje bør vere tilstades på sosiale medium, dersom dei ikkje er trygge frå før.

Foto: Pressefoto

Påtroppande ordførar Olve Grotle er open for å endre sitt syn på sosiale medium, og innrømmer at å vere meir tilgjengeleg på nett kan vere ein politisk fordel.

Fråveret på Facebook får likevel støtte frå Arild Nybø, dagleg leiar i Mediebruket.

Han meiner at politikarar som er utrygge på nettet ikkje burde kaste seg ukritisk på twitter- og Facebook-bølgja.

– Vi har sett i den lokale valkampen at aktivitet på sosiale medium ikkje har vore avgjerande for resultatet, og det spelar ikkje noko rolle i lokal samanheng. Stiller du til derimot til stortingsval bør du vere på twitter, meiner Nybø.

– Er ikkje politikarane trygge på nettet frå før, er det vågalt å kaste seg uti det i politisk samanheng.

–Men dei som brukar sosiale medium privat, bør for all del bruke det i det politiske arbeidet også, legg Nybø til.

–Men ein skal vere forsiktig, og bruke sunt vett, seier Nybø.