Hopp til innhold

Tunnelbrannen fører til lange køar på ferjekaiene

Det er i ettermiddag meld om lange bilkøar på ferjekaiene i Balestrand-sektoren som ein følgje av brannen i Gudvangatunnelen.

Ferjekø på Hella etter tunnelbrannen i Gudvangatunnelen

TRANGT OM PLASSEN: Køen inn mot ferjekaien på Hella i Leikanger var lang i ettermiddag.

Foto: Arnstein Menes

– Det er mykje trafikk. Eg kom med som nest siste bil til Dragsvik, og her ser det ut til at det blir ståande bilar att. Ferja til Vangsnes var også heilt full, og mange bilar blei ståande på kaien. Dei strir med å avvikle trafikken her, seier Arnstein Menes til NRK.

Lokalpolitikaren for Senterpartiet, er ein av dei mange som dagleg pendlar mellom Sogndal og Balestrand. Han har merka korleis trafikken har hatt ein kraftig auke etter at E16 blei stengd.

Fyller opp filene

– Problemet er mellom ferjene, for då blir oppstillingsfilene heilt fylt opp. Så byrjar dei å stoppe innover Hellavegen mot Leikanger. Det er problematisk for dei som kjem til ferjekaia og ikkje kjem fram i dei filene dei skal, seier Menes.

NRK har vore i kontakt med Statens vegvesen og Fjord1, som opererer ferjene mellom Hella, Dragsvik og Vangsnes. Dei har førebels ikkje fått melding om ekstra utfordringar, utover det ekstra trykket som kjem som ein følgje av tunnelstenginga og helgetrafikk.

Set opp hurtigbåtar

Lenger inne i fjorden set no Fjord1 i samarbeid med Statens vegvesen opp to hurtigbåtar som skal frakte folk mellom Gudvangen, Aurland og Flåm så lenge Gudvangatunnelen er stengd.

– I samråd med Aurland kommune har vi kartlagt behovet for å frakte passasjerar. Den eine ruta går mellom Gudvangen, Aurland og Flåm, den andre i motsett rekkefølgje, fortel avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.