Hopp til innhold

Fleire tunnelar har vore mørklagde i over eit halvt år

Den 2,5 kilometer lange Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 har vore utan lys i over eit halvt år. Mellom Fodnes og Årdalstangen manglar det lys i tre tunnelar.

Finnsåstunnelen utan lys

MØRKLAGD I LANG TID: I Finnsåstunnelen mellom Årdalstangen og Fodnes har det ikkje vore lys det siste halvåret.

Foto: Øyvind Heggheim

I Sogn og Fjordane er det for tida ti vegtunnelar utan lys, og tre av dei er på fylkesveg 53, Finnsåstunnelen, Kolnostunnelen og Bergmålstunnelen. I desse er det over eit halvt år sidan det var lys i armaturane. Også ein av tunnelane mellom Feios og Fresvik har vore utan lys lenge.

I Årdal er folk oppgitte over at det skal gå så lang tid å få lys i tunnelane. Vogntogsjåfør Lars Smedegård køyrer denne strekninga ofte, og han meiner det no må skje noko.

– For tafatt

– Sjølv om vi er ein utkant i Norge må det gjerast noko med det til liks med andre stader. Dette er for tafatt. Det er ikkje noko behageleg å køyre gjennom dei, for det er ikkje to fulle køyrebaner. Med svarte tunnelar er det fort å ta oppi tunneltaket og gjere stod skade på materiellet.

Lars Smedegård

-FOR TAFATT: Vogntogsjåfør Lars Smedegård er oppgitt over at det tek så lang tid å ordne lyset i tunnelane.

Foto: privat

Han fortel at dei som er lokalkjende greier seg stort sett utan uhell fordi dei køyrer varsamt, medan det stadig er utanlandske vogntog som tek oppi. Smedegård meiner vegane i Årdal blir stemoderleg behandla samanlikna med andre delar av landet.

– Veldig skuffa

– Eg køyrer mykje i Sør-Norge, og når eg ser på kva som blir gjort av vedlikehald andre stader så må eg seie at eg er veldig skuffa over det som blir gjort på desse tunnelane frå Fodnes og inn til Årdal.

Han seier at det manglande tunnellyset er eit samtaleemne i Årdal, men at folk er litt resignerte.

– I Årdal lyt vi venje oss til mykje, pilene peikar nedover, og folk har lett for å avfinne seg med det. Eg meiner samfunnet vårt har så mykje pengar når vi ser på kva som blir brukt utanfor landegrensene. Vi burde rydde opp hjå oss sjølve først.

Arbeid i haust

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen avviser at fylkesveg 53 er nedprioritert, og han fortel at dei i haust set i gang arbeid med lyset i Finnsåstunnelen, Kolnostunnelen og Bergmålstunnelen.

– I Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen vil vi montere ny kabel, det har vi på budsjettet for i år. I Bergmålstunnelen ynskjer vi å skifte heile det elektriske anlegget, det er ein stor jobb, det kostar 12 millionar kroner berre for den tunnelen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

- FÅR LYS I HAUST: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen lovar at arbeid med tunnelane i Årdal tek til i haust.

Foto: Heidi Ravnestad

Difor kjem dei i haust til å henge opp mellombels lys, eit dårlegare lys enn det som folk er vande med inntil dei får pengar til den permanente utbetringa.

– Dette er eit typisk eksempel på det dilemmaet vi står framfor når vi får jordfeil på det elektriske anlegget i tunnelar. Skal vi gjere ei enkel utbetring som varer nokre få år, eller skal vi skifte ut heile anlegget?

– Fv 53 er høgt prioritert

Slinde seier at fylkesveg 53 er ein veg med høg trafikk og difor høgt prioritert. I tillegg til arbeidet med lys i dei tre tunnelane mellom Fodnes og Årdalstangen skal det brukast 50 millionar på å utbetre Midnestunnelen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Midnestunnelen på rv 53 i Årdal

MIDNESTUNNELEN: Denne tunnelen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal skal utbetranst for 50 millionar kroner.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Også på Aurland-Hol skal det gjerast noko med tunnelane. Der er det dårlege signal som gjer at dei ligg i grenseland for å få jordfeil. I samband med at Geiteryggtunnelen skal stengjast for oppgradering gjer dei dette arbeidet på fylkesveg 50.

I Magnhildskartunnelen på fv 614 mellom Grov og Svelgen har det mangla lys ei tid. Det skuldast arbeid Statnett held på med i området, og der skal lyset vere tilbake i midten av august, seier Slinde.

I andre tunnelar, som Kvernhaugtunnelen på fv 55 mellom Høyanger og Nordeide, har det vore kortare perioder utan lys.

Gamle lysanlegg utsette for fukt

Nils Magne Slinde seier at lysanlegga som vart monterte for rundt 20 år sidan er utsette for fukt.

– Då vart det brukt noko som heiter EX-kabel, og denne toler dårleg miljøet inne i tunnelane. Difor burde vi ha teke til å skifte ut desse tidlegare, men det har det ikkje vore mogeleg ut frå dei midlane som har vore tilgjengelege.

– Men no har det vore sterkt fokus på dette, så det ser ut til at det kjem løyvingar til dette i åra som kjem, men vi skulle ynskje at vi hadde vore meir i forkant og fått reparert det før feila oppstår. Det er billegare for oss og langt betre for trafikantane.