NRK Meny
Normal

Mista sterk rekord på grunn av vindtrøbbel - men trur han kan kjempe om NM-medalje

OSLO (NRK.no): Med berre fire dagars mellomrom har Jostein Joshua Fossøy hatt to gongar stang ut på 100-meter...

Jostein Joshua Fossøy på Bislett Games

SIST, MEN NØGD: Jostein Joshua Fossøy hang ikkje med heipen etter sisteplassen på Bislett. - Det var uansett artig å vere med. Bislett er noko heilt spesielt, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg var veldig godt nøgd med løpet i Florø. Men så vart tida underkjent. Her på Bislett snubla eg litt i det tredje steget, og det øydela løpet, konstaterer Fossøy.

Han tek seg tid til media i mixed zone etter debuten i Bislett Games, der han fekk vere med og springe 100-meter i den nasjonale øvinga.

Med tida 10,82 enda han sist i feltet. Til samanlikning noterte han seg for 10,56 under Florø friidrettsfestival for fire dagar sidan. Som kjent vart alle tidene i det heatet underkjent på grunn av ein vindmålar som stod skeivt.

– Det er klart det var kjipt. Men eg kjenner at eg har eit godt nivå inne no. Eg trur det berre er eit tidsspørsmål før eg slår til med svært gode tider, seier Fossøy til NRK.no.

Ser for seg å springe på 10,40-talet

100-meteren på Bislett starta på det verst tenkjelege viset: Allereie i det tredje steget kom Fossøy i ubalanse og måtte ta seg for.

– Eg mista all farta og måtte akselerere på nytt. Det er kjipt at det skulle skje no, men eg må bære lære av det. All erfaring er vel god erfaring, seier 21-åringen.

– Eg kjenner meg iallfall i storform. Eg torer å sjå for meg på tider ned på 10,40-talet, legg han til.

Sjølv trur han kanskje nervane spelte han eit puss i Bislett-debuten. Likevel ser han det positive i løpet - som faktisk er tre hundredelar raskare enn bestenoteringa hans frå fjoråret.

– NM-medalje er ikkje umogleg

Denne sesongen har Fossøy komme inn under vengene til den meritterte sprint-trenaren Leif Ove Alnes i Oslo. Florø-sprinteren er i år sisteårsjunior, men trur han allereie kan hevde seg i seniorsamanheng.

Kanskje kan det bli edelt metall i NM på Jessheim på seinsommaren...

– Dersom ikkje Jays stiller, så kan alt skje. 10,56-løpet i Florø er det tredje beste løpet av ein senior i Norge i år. Så medalje er jo mogleg. No gjeld det å halde seg skadefri, seier Fossøy.

Vegopning på Bergum i Førde kommune