Hopp til innhold

Trur heile fylket tener vil tene på EM i vektløfting

I kveld vart Nils R. Sandal vald til ny leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins. Han ser no fram mot EM i vektløfting i 2016.

Nils R. Sandal

NY LEIAR: Nils R. Sandal trur EM i vektløfting ikkje berre vil tene idretten, men også heile Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tidleg laurdag kveld vart Nils R. Sandal vald til ny leiar i idrettskrinsen. Valet var samrøystes, og Sandal vart klappa inn i rolla. Det er han svært glad for.

– Ein veit jo aldri om det kjem motkandidatar, så det betyr mykje for meg. Det er ei stor tillitserklæring, og eg kan gå på med ekstra stor motivasjon når eg føler eg har idrettsmiljøet si støtte.

– EM i vektløfting vert stort

Tidlegare i veka vart det endeleg klart at EM i vektløfting vert arrangert i Sogn og Fjordane i 2016.

– Det er gode og dyktige arrangørar som no har ansvaret, så dette vert heilt sikkert veldig bra, seier den nye leiaren for idretten i fylket.

Han seier EM vil bety mykje for heile Sogn og Fjordane.

– Det vert eit av dei største idrettsarrangementa vi nokon gong har arrangert, og det få TV-dekning internasjonalt. Her kan vi få vist kva Sogn og Fjordane har å by på.

– Men først og fremst er det stort for vektløftinga i fylket. Det er eit veksande miljø og idretten har oppnådd svært gode resultat.

Vil kjempe for meir pengar

Sandal seier auka økonomiske rammer for idretten er ei stor kampsak, og noko han vil fokusere på.

– Det vert ei stor utfordring, men eg ser fram mot å jobbe saman med alle gode krefter i idretten og i særkrinsane, seier han.

Men for å fylle pengekassen må han også sjå ut.

– Eg ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid med kommunar og fylkeskommunen, seier tidlegare fylkesordførar Sandal.