Hopp til innhold

No er det endeleg bestemt - om to år skal dei sterkaste i Europa måle krefter på norsk jord

Med finansiering og avtalar til TV-produksjonen i boks, fekk arrangørane i Sunnfjord det grøne lyset dei hadde håpa på. No er det endeleg klart at det blir EM i vektløfting i Førde og Naustdal i 2016.

Dei har gitt EM til Norge og Sunnfjord

GLISER BREITT: Stian Grimseth (i midten) kan glise breitt etter at Norge og Sunnfjord har fått den endelege klarsignalet om at dei får EM i vektløfting i 2016. Her saman med presidenten i det norske vektløftarforbundet, Per Mattingsdal (frå venstre), president i det europeiske vektløftarforbundet, Antonio Ursu, generalsekretær i det europeiske forbundet, Hassan Akkus og styremedlem i det europeiske vektløftarforbundet, Tryggve Duun.

– No er vi veldig, veldig glade, jublar Stian Grimseth i arrangørkomiteen på telefon frå Tel Aviv.

Der fekk han i ettermiddagen beskjeden han og mange andre har venta ei stund på. Det europeiske vektløftarforbundet har gitt sitt endelege ja, Norge og Sunnfjord skal arrangere EM i vektløfting våren om to år.

Norge har arrangert EM i vektløfting ein gong tidlegare, det var i Stavanger i 1996.

– Vi har følt at mykje var på plass, men det er svært godt å få det endeleg stadfesta, seier Grimseth.

Ventar fleire hundre deltakarar

For snart eitt år sidan avslørte Tambarskjelvar idrettslag at dei hadde store ambisjonar. Etter at dei arrangerte NM i vektløfting i 2012 hadde dei fått blod på tann, no ville dei ha eit langt større arrangement til regionen.

Sidan har det blitt jobba på mange frontar for å leggje til rette for eit EM i Sunnfjord. Eit slikt stemne betyr løftarar frå over tretti land og fleire hundre deltakarar.

Allereie i fjor november vart Norge og Tambarskjelvar tildelt EM i vektløfting, men føresetnaden var at arrangørane fekk på plass ein TV-avtale og finansiering av den.

(Artikkelen held fram under)

Stian Grimseth 4

OPPTUR: Stian Grimseth er trygg på at eit EM på norsk jord vil vere ein opptur for norsk vektløfting.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kabalen gjekk opp i tolvte time

Stian Grimseth, ein av Norges mest kjente vektløftarar gjennom tidene, har stått i spissen for arrangementet. Dei siste vekene har han og dei andre arrangørane jobba intenst for å få finansieringa og TV-produksjonen i boks.

Så seint som i går løyvde fylkesutvalet i Sogn og Fjordane 1, 1 million kroner til arrangementet, og arrangørane kunne då endeleg sjå at kabalen gjekk opp.

Dei gode nyheitene fekk Grimseth sjølv presentere for styret i det europeiske vektløftarforbundet på møtet i ettermiddag.

– Eg gjekk gjennom status, og fortalde om avtalen vi har fått i stand med TV2 om tv-sendingar og støtta vi får frå fylkeskommunen. Vi fekk veldig gode tilbakemeldingar, og dei synest vi har jobba bra, seier Grimseth.

– Ein opptur for norsk vektløfting

Og så bra har arrangørane i Sunnfjord lagt til rette, at det europeiske forbundet samrøystes gav det grøne lyset – EM i 2016 skal gå av stabelen mellom fjord og fjell i Sunnfjord.

Grimseth er overtydd om at dette vil vere eit enormt løft for norsk vektløfting.

– Eg trur heilt klart at dette blir ein opptur for breidda i norsk vektløfting. Både i Sogn og Fjordane og elles i landet, jublar han.

– Vil vere ei motivasjon

Sunnfjordingen har sjølv delteke på EM på norsk jord, det skjedde i Stavanger i 1996.

– Eg hugsar då Norge var tildelt EM i Stavanger i 1993–1994. Det var ein utruleg motivasjon for meg og dei andre norske utøvarane. Vi jobba ekstra for å prestere fram mot EM på heimebane, fortel Grimseth.

Sjølv vart han europameister på heimebane, og no håpar Grimseth at andre norske vektløftarane kan få oppleve det same.

Trur fleire lokale kan hevde seg

Han seier det allereie er fleire lokale utøvarar i Sogn og Fjordane som ligg godt an for å kvalifisere seg til meisterskapen. Unge utøvarar som Vebjørn Varlid og Sindre Rørstadbotnen er to av dei.

– Eg meiner det er mange som har moglegheita til å prestere bra på EM i Sunnfjord om to år. Både gutar og jenter, frå vår region og landet elles, seier Grimseth.

– No er det opp til kvar enkelt, forbundet, klubbane og trenarane å jobbe saman for å få dette til.

EM i vektløfting skal arrangerast 2. – 8. mai 2016.