Hopp til innhold

Truga med køyreforbod - får ny bil

I førre veke truga brannsjefen med å gi den 40 år gamle veteranbrannbilen køyrenekt. No vil kommunestyret i Aurland bla opp pengar til nye brannbilar.

Gamal brannbiil i Aurland

ANNO 1973: I sitt 40. år i drift slit denne veteranen både med motor og bremser. Skjer det noko på E16 i Gudvangen, er den nærmaste brannbil.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Brannsjef Arvid Gilje har i fleire år etterlyst nye brannbilar. Han har sett seg lei på utdaterte bilar med startvanskar, svak motor og utstyrsmangel.

Trass i at den sterkt trafikerte hovudvegen mellom Oslo og Bergen, E16, går gjennom kommunen med fleire av landets lengste tunnelar, har politikarane så langt ikkje prioritert ny brannbilar.

I førre veke truga truga brannsjefen med å gi den eldste, ein snart 40 år gammal veteranbil på brannstasjonen i Gudvangen, køyreforbod.

Det fekk kommunestyret til å reagere.

Men ikkje før neste år...

– No har kommunestyret vedtatt at vi skal prioritere inn ny brannbil, slik at av vi kan få anskaffa den i 2013. Det blir sett i gang ein prosess der det blir sett på kostnadene, og så vi finne plass til dette i budsjettet for neste år, seier rådmann Steinar Søgård.

Korleis ein skal få råd til ny brannbil, har politikarane ikkje tatt stilling til.

– Dei har ikkje tatt stilling til finansiering, men har lagt ei føring på at dette skal prioriterast, opplyser rådmannen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Veteranbrannbil

SJÅ TV-REPORTASJE: Denne veteranbilen er beredskapen på E16.

– Det skulle berre mangle

Brannsjef Arvid Gilje er letta, og er samstundes klar på at dei folkevalde ikkje hadde noko val.

– Det skulle berre mangle at dei ikkje følgte tilrådinga mi. Det seier seg sjølv at det ikkje er effektivt og sikkert når vi har ein bil som blir 40 år neste år. Det er ikkej driftssikkert. Bilen har stoppa fleire gonger, og den har mista bremsene. Det samme har vaktbilen som er 13 år, seier Gilje.