Den snart 40 år gamle utrykkingsbilen har sett sine beste dagar. Også utrykkingsbilen frå 1987 slit med å kome seg fram når brannvesenet blir kalla ut, oftast til tunnelulukker i ein av dei 20 tunnelane i kommunen, fortel brannsjef Arvid Gilje.
– Bilen er avleggs. Eg fryktar at liv kan gå tapt fordi den går så sakte, særleg i stigningar.
Bilane blir berre eldre, samstundes som trafikken gjennom kommunen aukar. Gjennom den lengste vegtunnelen i verda, Lærdalstunnelen, passerer om lag 2500 bilar om dagen, nær ei dobling på 10 år. 475 av køyretøya er tungtransportbilar, mange med eldsfarleg last.
(Artikkelen held fram under biletet).
Motorstopp i rundkøyringa
Veteranen frå 1973 er slett ikkje til å lite på, seier sjåfør og tillitsvald Jan Inge Magnussen.
– For nokre dagar sidan fekk eg motorstopp midt i rundkøyringa, og eg måtte fram i motorrommet og mekke før eg fekk han i gang att. Det er heilt uforsvarleg.
Alt i 2008 stod ny brannbil på økonomiplanen, men verken då eller seinare har brannsjef Arvid Gilje fått gjennomslag, trass i at ein fem år gamla tilsynsrapport påpeikar at bilen bør vekk frå vegane.
- LES NETTARTIKKEL FRÅ 2008:
Moden for utskifting alt i 2007
Kring 5,5 millionar kroner kostar det med nye bilar og utstyr - ein sum han har venta på i minst fire år. Alt i 2007 synte ein tilsynsrapport frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap at den snart 40 år gamle bilen måtte skiftast ut.
Trass i stor trafikkauke og ansvar for verdas lengste vegtunnel, vil ikkje Aurland kommune bruke pengar på ny brannbil. Sidan 2008 har ny brannbil vore inne i økonomiplanen, men den kjem aldri med på årsbudsjettet.
Men brannsjefen har ikkje gitt opp håpet. Han trur at politikarane no ser at det trengst ny brannbil.
– No har dei bygd så mange nye bygg, no er det vår tur.
Men Noralv Distad som vart vald til ny ordførar hausten 2011 er ikkje informert om at tilstanden er så ille.
– Så lenge eg har vore ordførar så har det ikkje kome noko til kommunestyret som tilseier at vi ikkje kan utøve brannberedskapen på ein forsvarleg måte.