Hopp til innhold

Trudde tankane var tomme

Selskapet Trafigura trudde dei overtok tomme tankar då dei kjøpte Vest-tank anlegget i Sløvåg.

Alexela i Sløvåg i Gulen

Alexela i Sløvåg i Gulen

Foto: Steinar Lote / NRK

Det sa ein representant for selskapet i Bergen Tingrett i dag.

Vil ikkje kommentere

Trafigura vil ikkje kommentera saka til NRK.

Rettsaka, som går i Bergen Tingrett, handlar om striden mellom Vest Tank og dei noverande eigarane av anlegget Alexela.

Alexela er deleigd av Trafigura.

Men Vest Tank held på sitt, og meiner Trafigura visste at det var avfall i tankane då dei kjøpte anlegget.