Trond Mohn gir pengar til hallen
Forretningsmannen Trond Mohn frå Bergen gir 10 millionar kroner til bygging av den nye idrettshallen i Bygstad, skriv Firda. No manglar det berre 4,5 millionar kroner før hallen er fullfinansiert. Mohn ventar at kommunen løyver desse pengane, skriv avisa.